Henrik Ormåsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Henrik Ormåsen
Henrik Ormåsenl (cropped).jpg
Fødd 29. mars 1974
Brumunddal
Yrke politikar
Henrik Ormåsen på Commons

Henrik Ormåsen (fødd 29. mars 1974) er ein norsk politisk aktivist frå Brumunddal. Han er talsperson for Ten Folket og mangeårig aktivist i SOS Rasisme. Han var tidlegare knytt til AKP og Raud Ungdom, men vart ekskludert frå desse organisasjonane i 1997. Ormåsen har også vore tillitsvald og tilsett i SOS Rasisme fram til organisasjonen gjekk konkurs i 2013. 2. november 2016 blei han dømd for bedrageri i samband med medlemsjukssaka i SOS Rasisme.[1]

Han er bror til artisten Gaute Ormåsen[2] og gift med forfattaren Eli Sol Vallersnes.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. Flere dømt til fengsel i SOS Rasisme-saken, Dagbladet, 2. november 2016
  2. Mel, Astrid (24. april 2008), «- Stalin var en stor teoretiker», Dagbladet.no (på norsk), henta 5. januar 2019 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]