Brumunddal
Utsjånad
| Brumunddal | |||
| tettstad | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Innlandet | ||
| Kommune | Ringsaker | ||
| Areal | 7,31 km² | ||
| Folketal | 11 337 (2024) | ||
| Folketettleik | 1 551 / km² | ||
| Postnummer | 2380 BRUMUNDDAL | ||
| Innbyggjarnamn | brumunddøl | ||
| Preposisjon | i Brumunddal | ||
![]() Brumunddal 60°53′00″N 10°56′00″E / 60.883333333333°N 10.933333333333°E | |||
| Wikimedia Commons: Brumunddal | |||
Brumunddal er ein tettstad og kommunesenteret i Ringsaker kommune i Innlandet med 11 337 innbyggjarar per 1. januar 2024. Tettstaden ligg på begge sider av elva Brumunda, litt ovanfor utløpet i Mjøsa, og har vakse fram som tettstad etter at jernbanen vart opna i 1894. Brumunddal ligg om lag 15 km nordvest for Hamar.
Brumunddal har atskilleg industri med tilknyting til jord- og skogbruk, særleg trevare- og næringsmiddelindustri. Brumunddal er eit servicesentrum for store delar av Ringsaker, med særleg vekt på tenesteyting overfor landbrukssektoren. Brumunddal kyrkje vart innvigd i 1965.

Kjende brumunddølar
[endre | endre wikiteksten]- Bjørn Hatterud, forfattar
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Denne geografiartikkelen som har med Innlandet å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
