Henrik Suso

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Henrik Suso

Måleri av Henrik Suso frå 1601
Fødd 21. mars 1295
Konstanz
Død

25. januar 1366 (70 år)
Ulm

Yrke lingvist, omsetjar, filosof, lyrikar, teolog, salmediktar
Språk mellomhøgtysk, tysk
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Henrik Suso på Commons

Henrik Suso (kring 21. mars 129525. januar 1353) (fornorsking av tysk Heinrich og latinisering av etternamnet Seuse som mor hans brukte; òg skrive Heinrich von Berg), fødd omkring 1295, truleg i Konstanz, død 25. januar 1366 i Ulm, var ein tysk mystikar og dominikanarmunk.

Henrik gjekk i kloster som 13-åring, og studerte på 1320-talet ved høgskolen dominkanarane hadde i Köln. I 1348 vart han på grunn av ein påstått skandalehistorie forflytta til klosteret i Ulm, og der vart han resten av livet sitt.

Suso var blant læresveinane til meister Johannes Ekkehart, og han høyrde i lag med Ekkehart og Johannes Tauler til dei sentrale kristne mystikarane i mellomalderen. Susos Büchlein der ewigen Weisheit høyrde til dei mest lesne oppbyggingsskrifta i mellomalderen.

Henrik Suso på tresnitt frå 1400-talet.

Suso kom fram til at eit menneske ikkje kunne bli fullkome gjennom teologisk tenkning. Askese var heller ikkje noko mål i seg sjølv.

I eit mellomalderskrift om livet hans, finst ei forteljing om korleis Suso under sjukdom vart oppmødd av englar som dansa og song «In dulci jubilo».

Suso vart kanonisert i 1881.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]