Henrikh Mkhitarjan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Henrikh Mkhitarjan
Henrikh Mkhitaryan 2017.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Henrikh Hamleti Mkhitarjan
Fødd 21. januar 1989
Fødestad Jerevan
Høgd 178 cm
Posisjon Midtbanespelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Sjakhtar Donetsk
Nummer 22
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2006-09
2009-10
2010-
Armenia Pjunik
UKraina Metalurh Donetsk
UKraina Sjakhtar Donetsk
70 (30)
37 (12)
5 (2)
Landslag
2006-10
2007-
Armenia Armenia U21
Armenia Armenia
13 (8)
20 (4)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 20. februar 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 20. februar 2010

Henrikh Hamleti Mkhitarjan, armensk Հենրիխ Համլետի Մխիթարյան (fødd 21. januar 1989 i Jerevan i Armenia) er ein armensk fotballspelar, som spelar på midtbanen for Sjakhtar Donetsk i den ukrainske fotballigaen, og for det armenske landslaget.

Mkhitarjan starta karrieren sin for toppklubben Pjunik i heimlandet, der han vart armensk seriemeister fire år på rad, frå 2006 til 2009. Han vart kåra til årets armenske spelar i 2009. Sommaren 2009 drog han til Ukraina og Metalurh Donetsk, der han vart klubbkaptein i juli 2010. I starten av 2010/11-sesongen vart han kjøpt av den ukrainske toppklubben Sjakhtar Donetsk.

Mkhitarjan debuterte for Armenia sitt A-landslag 14. januar 2007 i ein kamp mot Panama. Han skåra det første landslagsmålet sitt 28. mars 2009, i ein VM-kvalifiseringskamp mot Estland.