Sjakhtar Donetsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
FC Shakhtar Donetsk
Shakhtar-donetsk.png
Fullt namn Fútbol Club Shakhtar
Grunnlagd 1936
Heimebane Donbass Arena,
Donetsk
(Kapasitet: 51 667)
President Rinat Akhmetov
Hovudtrenar Luis Castro
Liga Premier League
Nettstad shakhtar.com
Brasilianaren Jádson set inn sigersmålet då Sjakhtar vann 2-1 over Werder Bremen i UEFA-cupfinalen 20. mai 2009

FC Sjakhtar Donetsk (ukrainsk ФК «Шахтар» Донецьк) er ein fotballklubb i Donetsk i Ukraina, skipa 24. mai 1936.

Sjakhtar vart den fyrste og einaste ukrainske klubben som vann UEFA-cupen, då den i 2009 gjekk til topps i den siste fotballturneringa i sitt slag; UEFA-cupen vart deretter erstatta av Europaligaen. Av andre ukrainske fotballklubbar er det einast Dynamo Kiev som har sigra i ei stor UEFA-tevling.

Sjakhtar er ein av dei eldste klubbane i Ukraina. Klubben er kulturelt samanvoven med den tungt industrialiserte og russifiserte Donetsk-regionen i det austlege Ukraina. Den har vore med i seriefotball heilt tilbake til den gongen det sovjetiske seriesystemet for fotball vart sett i gang. Sjakhtar vann den sovjetiske cupmeisterskapen i to år på rad, 1961 og 1962, og på ny i 1980 og 1983. I perioden 2002 til 2014 har klubben sikra seg ni ukrainske seriemeisterskap, medan den har vunne like mange cuptitlar i tida 1995-2013.

Klubben spelar heimekampane på Donbass Arena.

Spelarstall[endre | endre wikiteksten]

Endra 6. august 2020[1]

Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr. Posisjon Spelar
1 Flagget til Ukraina K Oleksij Sjevtsjenko
4 Flagget til Ukraina F Serhij Kryvtsov
5 Flagget til Georgia F Davit Khotsjolava
6 Flagget til Ukraina MB Taras Stepanenko
7 Flagget til Brasil MB Taison
8 Flagget til Brasil MB Marcos Antônio
9 Flagget til Brasil A Dentinho
10 Flagget til Ukraina A Júnior Moraes
11 Flagget til Ukraina MB Marlos
14 Flagget til Brasil MB Tetê
15 Flagget til Ukraina MB Jevhen Konopljanka
17 Flagget til Ukraina MB Maksym Malysjev
19 Flagget til Israel MB Manor Solomon
20 Flagget til Ukraina MB Viktor Kovalenko
Nr. Posisjon Spelar
21 Flagget til Brasil MB Alan Patrick
22 Flagget til Ukraina F Mykola Matvijenko
23 Flagget til Ukraina Vladislav Vakula
27 Flagget til Brasil MB Maycon
28 Flagget til Brasil MB Marquinhos Cipriano
30 Flagget til Ukraina K Andrij Pjatov Kaptan logo.svg
31 Flagget til Brasil F Ismaily
45 Flagget til Ukraina A Danylo Sikan
49 Flagget til Brasil F Vitão
50 Flagget til Ukraina MB Serhij Bolbat
76 Flagget til Ukraina MB Oleksandr Pikhalyonok
77 Flagget til Ukraina F Valeriy Bondar
81 Flagget til Ukraina K Anatoliy Trubin
98 Flagget til Brasil F Dodô
99 Flagget til Brasil MB Fernando

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. shakhtar.com. Vitja 6. august 2020