Henry Purcell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Henry Purcell

Fødd10. september 1659
FødestadWestminster i England
Død21. november 1695 (36 år)
DødsstadWestminster
OpphavKongeriket England
PeriodeBarokken
Aktiv1667-1695
Sjangeropera, hymne, ode
Instrumentpipeorgel, cembalo
Verka somkomponist, organist, musikkforskar, musikkteoretikar, forfattar
Gift medFrances Purcell
BornEdward Purcell

Henry Purcell (10. september 165921. november 1695) var ein engelsk komponist, organist og songar. Han komponerte barokkmusikk som med si særeigne blanding av italiensk og fransk musikk med element av eldre engelsk musikk skapte ein eigenarta stil som kom til å bli rekna som typisk engelsk barokkmusikk.[1]

Livssoge[endre | endre wikiteksten]

Purcell blei fødd i Westminster. Onkelen hans fekk han inn i koret i det kongelege kapellet (Chapel Royal), der han lærte å synga og skriva musikk. Det eldste verket hans me kjenner til er eit ode til kongen sin fødselsdag frå 1670.

Han var organist ved Westminster Abbey frå 1679 til 1682, og deretter ved Chapel Royal. I 1683 blei han hoffkomponist.[2]

I 1676 laga han musikk til stykka Aurenge-Zebe av John Dryden, og Epsom Wells og The Libertine. Året etter sette han musikk til tragedien Abdelazar av Aphra Behn, og i 1678 komponerte han musikk for ein nylaga versjon av eit Shakespeare-stykke.

Purcell skreiv ein einaste opera, Dido og Aeneas (1689). Dette er den barokke operaen som er blitt framført mest i nyare tid. Han skreiv også fleire anthem og andre komposisjonar til kyrkjebruk. Han skreiv også odar og hyllingsmusikk til kongelege høve, songar for solostemmer, kammermusikk og musikk for cembalo og orgel.[2] Purcell hadde mellom anna ansvaret for musikken i gravferda til Karl II etter hans død.[3]

I 1695 skreiv Funeral Music for Queen Mary til gravferda for dronning Maria II. Året etter døydde han sjølv, berre nokre og tretti år gammal. Gravferdsmusikken blei framført for hans eiga gravferd i Westminster Abbey.[2]

Purcell etterlét seg ei enkje og tre barn. Kona gav ut ei rekke av verka hans posthumt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Henry Purcell | Biography, Songs, Music, & Facts | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 12. oktober 2022 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Henry Purcell». Store norske leksikon (på norsk). 5. november 2018. 
  3. Martin Adams, Martin H. Adams (1995). The Origins and Development of His Musical Style. Cambridge University Press. s. 42. ISBN 9780521431590. 
Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.