Anthem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kyrkjekor på begge sider av koret i York Minster.

Anthem (av gammalengelsk antefn, frå gresk antifona) er namnet på ei engelsk form for kormusikk som opphavleg vart nytta om ein kyrkjeleg vekselsong (antifoni) mellom to kor. Musikkforma er ein mellomting mellom kantate og motett. Ho blei utvikla i den anglikanske kyrkja på midten av 1500-talet som ein motsats til den katolske musikkforma motett. Medan motetten har latinsk tekst, har anthemet tekst på engelsk. I moderne engelsk språkbruk vert «anthem» vanlegvis nytta om vokal kyrkjemusikk, ofte sungen som vekselsong, der orda er henta frå Bibelen eller ein annan religiøs tekst (som liturgien).

Opphavleg brukte ein skriva og framføra anthem med berre vokalmusikk («full anthem»). Etterkvart blei ei form med éin eller fleire solistar utvikla, kjend som «verse anthem». Denne typen kunne akkompagnerast med instrument og i nokre høve orkester. På 1700-talet gjekk ein tilbake til vokale anthem med noko bruk av soloparti.

I begge typane anthem brukte ein gjerne motståande kor til vekselsong, gjerne kjend som decani (på dekanen si side) og cantoris (på kantoren si side).

Kjente anthem-komponistar Thomas Tomkins, Henry Purcell og Georg Friedrich Händel, Samuel Sebastian Wesley og Ralph Vaughan Williams.

Kjende anthem[endre | endre wikiteksten]

Anna tyding[endre | endre wikiteksten]

Annan moderne bruk av «anthem» kan vera songar som lovpriser eller er djupt knytte til noko. «National anthem» er det engelske ordet for nasjonalsong. «Anthem» kan også brukast om songar knytte til ein idrett, ein musikksjanger , ein subkultur eller liknande.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]