Here I Stand av Vasil Garvanliev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Here I Stand»
Song av Vasil Garvanliev
Land Nord-Makedonia
Språk Engelsk
Utgjeve 12. mars 2021
Sjanger Pop, kraftballade
Lengd 03:00
Selskap Megaforce
Låtskrivar(ar) Vasil Garvanliev
Produsent Borche Kuzmanovski, Davor Jordanovski

«Here I Stand» (norsk: her står eg) er ein popsong frå 2021 som vert framført av den makedonske songaren Vasil Garvanliev. Songen var det makedonske bidraget i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

«Here I Stand» vart internt vald ut av Makedonsk radio og televisjon (MRT) som det makedonske bidraget til Eurovision Song Contest 2021.[1] Songen er komponert av Borche Kuzmanovski, Davor Jordanovski og songaren sjølv, Vasil Garvanliev. Sistnemnde skulle ha delteke i Eurovision Song Contest året før med låten «You», men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien.

«Here I Stand» er ifølgje Garvanliev skriven på rappen utan eit spesielt fokus eller mål, midt i «kaoset og kvervelvinden av skuffelse i fjor».[2] Garvanliev meiner songen vart skapt under eit av dei «sjeldne augneblikka der du er åleine med deg sjølv og lèt kjenslene strøyma fritt i sin reinaste form utan sjølvkritikk, fritt og ærleg».[2]

Borche Kuzamovskia frå det Skopje-baserte rockebandet Nokaut og den makedonske musikaren Davor Jordanovski jobba parallelt med arrangementet og produksjonen. Eit symfoniorkester i Skopje bidrog med livemusikk til arrangementet. Bakgrunnsvokalen kom frå tidlegare medlemmar av eit amerikansk barnekor, som Vasil Garvanliev sjølv var medlem i som barn.[1][2]

Tittelen på songen vart offentleggjord 12. februar, medan songen vart utgjeven på YouTube 11. mars 2021.[3] Han vart sloppen for strøyming og nedlasting dagen etter.[4]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

«Here I Stand» var det makedonske bidraget til Eurovision Song Contest i mai 2021. Nord-Makedonia deltok i den fyrste semifinalen i Rotterdam Ahoy tysdag 18. mai. Songen fekk 23 poeng og vart nummer 15 av 16 i sin semifinale. Sidan det berre var dei ti beste som kvalifiserte seg til finalen, vart songen slått ut i semifinalen, og «Here I Stand» deltok difor ikkje i finalen laurdag 22. mai.[5][6]

Strid rundt musikkvideoen[endre | endre wikiteksten]

Musikkvideoen til «Here I Stand» vart sloppen 11. mars, og vart spela inn i kunstgalleriet Daut pasjin amam i Skopje. Etter utgjevinga vart musikkvideoen møtt med kritikk i Nord-Makedonia. Årsaka var ein kunstgjenstand i galleriet som i videoen kunne sjå ut som ei etterlikning av flagget til nabolandet Bulgaria. Garvanliev har bulgarsk statsborgarskap på grunn av den bulgarske bestemora si.[7] Kritikken gjekk på at Garvanliev bevisst hadde teke med det bulgarske flagget på videoen, og presset frå offentlegheita gjorde at makedonsk fjernsyn redigerte bort kunstgjenstanden frå videoen.[7][8] I eit intervju med den makedonske avisa Sloboden Petsjat understreka Garvanliev at kunstverket ikkje hadde nokon «kjend tilknyting til det bulgarske flagget» og avviste tiltalene om at han bevisst hadde brukt kunstverket for å fremje Bulgaria.[9][10]

Utgjevingshistorikk[endre | endre wikiteksten]

Region Dato Format Merke Ref.
Diverse 11. mars 2021 YouTube Megaforce [3]
Diverse 12. mars 2021 Digital nedlasting, strøyming [11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «North Macedonia: Vasil will sing "Here I Stand" at Eurovision 2021» (på engelsk). 12. februar 2021. Henta 15. februar 2021. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Latest News: North Macedonia's Vasil reveals song title and artwork 🇲🇰» (på engelsk). 12. februar 2021. Henta 15. februar 2021. 
  3. 3,0 3,1 «Vasil releases 'Here I Stand'» (på engelsk). 11. mars 2021. Henta 12. mars 2021. 
  4. «Here I Stand - Single by Vasil Garvanliev» (engelsk). Henta 12. mars 2021. 
  5. «2020 Semi-Final line-up to stay for 2021» (på engelsk). 19. november 2020. Henta 15. februar 2021. 
  6. «First Semi-Final of Rotterdam 2021» (på engelsk). Henta 11. august 2021. 
  7. 7,0 7,1 «North Macedonia edits video for Eurovision entry after controversy over Bulgarian flag image | bne IntelliNews» (på engelsk). 15. mars 2021. Henta 21. mars 2021. 
  8. Transitions (16. mars 2021). «Balkan Identity Disputes Spill Into Eurovision Arena» (engelsk). Henta 17. mars 2021. 
  9. Robyn Gallagher (16. mars 2021). «North Macedonia: “I do not apologise for being me” – Vasil speaks out after criticism of artwork shown in “Here I Stand” music video». wiwibloggs.com. Henta 17. mars 2021. 
  10. Anita Zlatkova (3. mars 2021). «Exclusively for Free Press - Vasil Garvanliev: Someone obviously wants to make scandals unnecessarily» (på engelsk). Sloboden Pecat. Henta 17. mars 2021. 
  11. «Here I Stand - Single by Vasil Garvanliev» (engelsk). Henta 12. mars 2021.