Herero

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Herero
(Otjiherero)
Klassifisering: Nigerkongo
 Atlantisk
  Benuekongo
   Bantoid
    Sørbantoid
     Bantuspråk
      Sentralt
       Sone R.30
        Herero
Bruk
Tala i: Flag of Namibia.svg Namibia
Flag of Botswana.svg Botswana
Hererotalande i alt: 237 000[1]
Språkkodar
ISO 639-1: hz
ISO 639-2: her
ISO 639-3: her
Wikipedia på herero

Herero er eit bantuspråk (i nigerkongo-familien) som blir snakka av omkring 237 000 hereroar i Namibia og Botswana. Området herero blir snakka i blir kalla Hereroland; dette består av regionane Kunene, Omaheke og Otjozundjupa i Namibia og Ghanzi i Botswana. Det er òg ein del hererotalande i den namibiske hovudstaden Windhoek.

Språket har vore skriftspråk (skrive med det latinske alfabetet) sidan slutten av 1800-talet, då misjonæren Gottlieb Viehe (1839–1901) omsette Bibelen til herero. Presten Peter Heinrich Brincker (1836–1904) omsette òg fleire teologiske skrifter og songar til herero.

Det vert undervist i herero i namibiske skular, både som morsmål og andrespråk, og det skal òg inkluderast som fag ved Universitetet i Namibia. Herero er òg eitt av seks minoritetsspråk som vert brukt i den statlege namibiske radiokanalen Namibian Broadcasting Corporation.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]