Namibia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Republic of Namibia

(norsk: Namibia, namibiske)

Det namibiskee flagget Det namibiskee riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Namibia, Land of the Brave»
Motto Engelsk: Unity, Liberty, Justice
(Eining, fred, rettferd)
Geografisk plassering av Namibia
Offisielle språk Engelsk
Hovudstad Windhoek
Styresett
Republikk
Hifikepunye Pohamba
Hage Geingob
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
824 292 km² (33.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
2 165 828 (141.)
2,6 /km² (192.)
Sjølvstende
  - Dato
Frå Sør-Afrika
21. mars 1990
Nasjonaldag 21. mars
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
14 640 mill. USD (134.)
6 900 USD (105.)
Valuta Namibisk dollar
Tidssone UTC +1
Telefonkode +264
Toppnivådomene .na


Namibia er eit land i det sørlege Afrika. Landet grensar til Angola og Zambia i nord, Botswana i aust og til Sør-Afrika i sør.

Regionar[endre | endre wikiteksten]

Namibia er delt inn i 13 regionar:

Fakta[endre | endre wikiteksten]

  • Naturtilgong: Diamant, kopar, uran, gull, bly, tinn, litium, kadmium, sink, vanadin, naturgass, vasskraft, fisk
  • Folkesetnad: Om lag halvparten av folkesetnaden høyrer til ovambo-stammen og 9 % høyrer til kavangos-stammen. Andra stammar er herero, damara, nama, caprivi, buskmenn, bastar og tswana.
  • Folkesetnaden sin gjennomsnittleg levealder: 18,3 år (2002)
  • Folkesetnaden sin gjennomsnittleg levealder: 42,8 år (2003)
  • Spedbarnsdøydelegheit: Nesten 7% (2003)
  • Religion: kristne 80-90 %, tradisjonelle religionar 10-20%
  • Språk: engelsk, afrikaans, tysk, tradisjonelle språk m.a. oshivambo, herero og nama.
  • Analfabetisme: I 2003 var om lag 15 % av den vaksne folkesetnaden analfabetar
Kart over Namibia

Klima[endre | endre wikiteksten]

Namibia er kanskje eit av dei tørraste landa i verda og har to forskjellige ørkentypar. Temperaturane er likevel ikkje så veldig høge. Store delar av landet ligg på eit høgare platå, som hindrar sommarvarmen i å bli altfor sterk. Vintermorgonane kan vere kalde, medan temperaturen på dagtid vanlegvis går over 15 °C. Ei og anna regnbye kan oppstå om vinteren, men det meste av nedbøren kjem om sommaren i samband med torevêr. Dei gjev derimot sjeldan mykje nedbør. Windhoek som ligg i dette området har ein årleg nedbørsnormal på 362 mm.

Langs kysten har ein ørkenområde, noko som er sjeldan å sjå ved havet. Årsaka til dette er oppvelling av kaldt havvatn i samband med Benguelastraumen, som fører til stabil luft året rundt. Den stabile lufta hindrar at det vert danna regnbyer. Tåke er det derimot mykje av, om lag halvparten av dagane i året, og kystområda får faktisk tildelt meir vatn gjennom tåke enn gjennom nedbør. Tåka kan strekke seg 100 km innover i landet, som kan ha tåke om lag 60 dagar av året. Her kan ein i tillegg få lett yr (kalla moetreën). Temperaturane på kysten går sjeldan under 8 °C eller over 25 °C. Unntaket er når varm vind frå aust strøymer ned mot kysten. Walvis Bay som ligg på kysten her har ein årleg nedbørsnormal på 22 mm.