Herman Munthe-Kaas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Herman Munthe-Kaas
Herman Munthe-Kaas.jpg
Fødd 25. mai 1890
Christiania
Død

5. mars 1977
Oslo

Yrke arkitekt
Herman Munthe-Kaas på Commons
Odd Fellow-bygget i Oslo.
Foto: Mahlum

Herman Munthe-Kaas (25. mai 18905. mars 1977) var ein norsk arkitekt og møbeldesignar. Saman med Gudolf Blakstad dreiv han arkitektfirmaet Blakstad og Munthe-Kaas Arkitekter i rundt 50 år. Dei samarbeida om fleire byggverk, mellom anna Haugesund rådhus, Odd Fellow-bygget i Oslo, Oslo Handelsgymnasium, Kunstnernes Hus og Elgseter bru i Trondheim. Dei teikna òg kyrkjer, mellom anna Bodø domkyrkje.

Munthe-Kaas fekk Houens fonds diplom to gonger saman med Blakstad; for Kunstnernes Hus i 1931 og for Haugesund rådhus i 1934. I 2004 blei Elgeseter bru frå 1950 tildelt Betongtavlen.

Kjelder/bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]