Hessdalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 62°47′35″ N 11°11′28″ E

Bilete frå bladet Nå frå 1953

Hessdalen er ein vel 12 km lang fjelldal som ligg i Holtålen kommune i Trøndelag, om lag 120 km sør for Trondheim. Det bur ca. 150 menneske i dalen.

Hessdalen er vorte kjend over heile Noreg og også i utlandet etter at det frå desember 1981 vart sett uforklarlege ljosfenomen i dalen, og folk tok til å snakka om UFO-observasjonar. Lokalt har dette vore kalla «Hessdalsfenomenet», andre stader i verda har liknande lysfenomen m.a. vore kalla «Earthlight» og «Min-minljos». Ei forskargruppe starta i 1983 Project Hessdalen for å freista å finna ei forklaring på desse fenomena. Ein automatisk målestasjon vart sett opp i dalen i 1998.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]