UFO

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/UFO».
UFO i Brasil.

Ufo står for uidentifisert flygande objekt. Ordet vart opphavleg nytta om objekt som enno ikkje var identifiserte, men har i det seinare vore nytta som eit namn på fartøya til romvesen.

UFO, Jakobsdal, Linköping, Sweden

Interessa for ufoar byrja etter at Kenneth Arnold hevda å ha sett ein «flygande tallerken» 24. juni 1947 i nærleiken av Mount Rainier i Washington. Sidan har ufoane vore ei kjelde til fleire segner, songar, bøker, filmar og dokumentarar.

Under ei meiningsmåling i USA i 1996 kom det fram at 71 % av alle amerikanarar trudde at styremaktene deira heldt informasjon om ufoar skjult.

I Noreg høyrer ein med ujamne mellomrom historier om folk som har observert ufo. Døme på det er UFO-ringenEspevær og nattlysa i Hessdalen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

‎‎