Hette

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jente med hette

Ei hette er eit hovudplagg som dekkjer hovudet utanom andletet, ofte festa til ein anorakk, ei kappe eller liknande. Hetter kan nyttast til å gje ly mot vind og vêr, som moteplagg, som uniform eller som ei form for tradisjonell klednad.

Uttrykket å «få hetta» blir gjerne brukt når ein mister evna til å tenkje klårt. Ordet hette blir også brukt for å skildre ein toppdel som liknar på ei hette, som til dømes ei hette av nysnø på toppen av eit fjell. Hettemåsen har namnet sitt etter den hetteliknande og mørke fjørdrakten som dekkjer hovudet om sommaren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]