Hettemåse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hettemåse
Hettemåse i vinterdrakt, utan svart hette.
Hettemåse i vinterdrakt, utan svart hette.

Læte
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: CR Kritisk trugaUtbreiinga av hettemåse
Utbreiinga av hettemåse
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Underorden: Lari
Familie: Måsefamilien Laridae
Underfamilie: Måsar Larinae
Slekt: Chroicocephalus
Art: Hettemåse C. ridibundus
Vitskapleg namn
Chroicocephalus ridibundus

Hettemåse eller hettemåke, Chroicocephalus ridibundus, (tidlegare Larus ridibundus) er i frå måsefamilien. Hettemåsen vert ogso kalla for lattermåse.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Dei vaksne fuglane har grå overside, medan resten av kroppen er kvit. Beina er raude og med symjeføter. Nebbet er ogso raud og saman med den kvite stripa i framkant av vengja, er det karakteristisk for hettemåsen. Dei har store spisse venger og flyt lett. Kjønna er like. Ungfugl har ein meir brunspetta fjørdrakt. Hettemåsen er 36 cm lang og har vekt på om lag 0,3 kg. I sommardrakta har hettemåsen si karakteristiske svarte hette.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Hettemåsen har ein aukande bestand i Nord-Noreg og eksisterer no i kyststrøk heilt nord til Varangerfjorden. Hovuddelen er likevel i Sør-Noreg rundt Oslofjorden, der bestanden i tida 1987-2007 har gått ned og mange koloniar har forsvunne.[1] Bestanden har også gått ned i Danmark, Sverige, Finland, Polen, Tyskland og Nederland. Medan hettemåsen er rekna som livskraftig på verdsbasis, er han rekna som sterkt truga i norsk samanheng.[2]

Hettemåsen hekkar i koloniar ved vatn (både fersk- og saltvatn).

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 11. mars 2022. Henta 11. mars 2022. 
  2. Stokke BG, Dale S, Lislevand T, Jacobsen K-O, Strøm H og Solvang R (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av hettemåke Chroicocephalus ridibundus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 25. november 2021

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]