Hever i Kent

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hever
landsby
Land  England
Region Søraust-England
Distrikt Sevenoaks
Kart
Hever i Kent
51°11′01″N 0°06′38″E / 51.183480555556°N 0.11055°E / 51.183480555556; 0.11055
Wikimedia Commons: Hever, Kent

Hever er ein landsby og civil parish i grevskapet Kent søraust i England. Han ligg ved Edenelva, ei bielv til Medwayelva, i distriktet Sevenoaks, kring 3,5 kilometer søraust for Edenbridge og kring 11,5 kilometer vest for Tonbridge.

Hever civil parish har ei flatevidd på 3 062 acre (12,39 km2). Det omfattar landsbyane Four Elms, Hever og Markbeech. Ved folketeljinga i 2011 hadde det 1 231 innbyggjarar.[1][2]

Hever måla på 1800-talet av Alfred Vickers.

Stadnamnet «Hever» kan koma frå Heanyfre, som tyder 'høg kant'.[3]

Hever Castle, som var barndomsheimen til dronning Anne Boleyn, kona til Henrik VIII, ligg i Hever. Det ligg tre soknekyrkjer her, ei i kvar landsby.

Hever jernbanestasjon ligg 1,2 mile (1,9 km) vest for landsbyen etter landevegen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hever Parish - Local Area Report - Nomis». www.nomisweb.co.uk. Henta 22. juli 2021. 
  2. «Civil Parish population 2011». Neighbourhood Statistics. Office for National Statistics. Arkivert frå originalen 20. oktober 2016. Henta 18. september 2016. 
  3. Eilert Ekwall, Concise Oxford Dictionary of English Place-names, s. 237.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Hever i Kent