Anne Boleyn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anne Boleyn

FøddAnne Boleyn
1507
Blickling Hall
Død19. mai 1536
Tower of London
Tittelkongegemalinne
Alle titlarkongegemalinne, Marquess of Pembroke
Hus eller slektBoleyn family
GravstadSt Peter ad Vincula
LandKongeriket England
MorElizabeth Boleyn
FarThomas Boleyn
EktefelleHenrik VIII av England
BarnElisabet I av England, miscarried son Tudor, Henry, Duke of Cornwall

Anne Boleyn, 1. markise av Pembroke[a] (fødd ca. 1501/1507, død 19. mai 1536) var den andre kona til Henrik VIII og mor til dronning Elisabeth I.[1]

Kong Henrik VIII sitt ekteskap med Anne og den seinare avrettinga av henne var del av den kompliserte byrjinga på ei politisk og religiøs omvelting, reformasjonen i England, der Anne sjølv aktivt sette i gang kyrkjereformer. Ho hadde stor politisk påverknad og er blitt kalla for «den mest innverknadsrike og viktigaste ektefelle ein konge av England nokon gong har hatt».[2]

Anne Boleyn er kjend for dei dramatiske omstenda kring døden sin.[b] Ho blei avretta for utruskap, incest og forræderi den 19. mai 1536. Det er utbreidd semje om at ho truleg var uskuldig i det ho var tiltalt for, og ho har seinare vore rekna som ein martyr av dei engelske protestantane, delvis grunna verka til John Foxe. Livet hennar har vore utgangspunkt for fleire romanar, skodespel, operaer, fjernsynsdrama og spelefilmar.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Omdiskutert fødselsår[endre | endre wikiteksten]

På grunn av mangelen på kyrkjedokument frå perioden er historikarane ikkje samstemde om kva år Anne Boleyn blei fødd. Kjeldematerial frå 1500-talet er motstridande, og ulike årstal er blitt lagt fram av ulike forfattarar. Ein italiensk historikar (1600) antyda at ho vart fødd i 1499, medan svigersonen til Thomas More antyda eit såpass seinare årstal som 1512. Alle dei øvrige gjetningene fell innanfor desse to ytterpunkta. I våra dagar har den akademiske debatten vore sentrert rundt to nøkkelår: 1501 og 1507. Det sistnemnde året vart først fremja av ein elisabethansk antikvar, William Camden, og var føretrekt inntil kunsthistorikaren Hugh Paget argumenterte mot det i 1981. To autoritetar på perioden, Eric Ives og Retha Warnicke (som har skrive kvar sin biografi om Boleyn) er usamde. Ives, ein britisk historikar og juridisk ekspert, fremjar 1501, medan Warnicke, ein amerikansk forskar og kvinnehistorikar, føretrekker 1507.[3]

Det viktigaste kjende skriftlege vitnesbyrdet er eit brev Anne skreiv ca. 1514. Ho skreiv det på fransk, andrespråket sitt, til far sin, som då budde i England, medan ho sjølv fullførte utdanninga si i Nederlanda. Professor Ives har peikt på at stilen i brevet og den vaksne handskrifta i det tilseier at Anne må ha vore eldre enn 13 år då brevet blei skrive. Dette blir støtta av ein historieskrivar frå slutten av 1500-talet, som skreiv at Anne var tjue då ho kom attende frå Frankrike.[4] Desse argumenta blir avvist av Warnicke i fleire bøker og artiklar, og dette er òg same konklusjon som dei fleste historikarar støttar. Det nøyaktige fødselsåret vil kanskje aldri bli kjent.

Fødsel og familie[endre | endre wikiteksten]

Eit portrett av Anne Boleyn. Tilskrive Marcus Gheeraerts den yngre.

Anne var dotter av Thomas Boleyn, seinare jarl av Wiltshire og Osmonde, og kona hans Elizabeth Boleyn (fødd Elizabeth Howard) som var dotter av Thomas Howard, 2. hertug av Norfolk. Det er ikkje kjend kvar Anne blei fødd, men det var truleg anten i herskapsbustaden til familien hennar, Blickling Hall i Norfolk, eller i den føretrekte heimen deira Hever Castle i Kent.

Då Anne blei fødd, var Boleyn-familien rekna som ein av dei meste respektable familiane i det engelske aristokratiet, sjølv om dei berre hadde hatt adelstittel i fire generasjonar. Seinare blei dei kritiserte for å ha vore sosiale klatrarar, men det var eit politisk angrep på dei. Blant forfedrane til Anne Boleyn var ein borgarmeister av London, ein hertug, to kvinner av aristokratiet og ein jarl, og blant slektningane hennar på morssida var den mektige familien Howard.[5] Anne Boleyn var i røynda meir aristokratisk enn både Jane Seymour og Katarina Parr, to av dei andre konene til Henrik VIII.

Far til Anne var ein respektert diplomat med ei gåve for språk. Han hadd eòg gunsten til kong Henrik VII, og kongen sende han på mange diplomatiske reiser til utlandet. Han heldt fram karrieren sin under Henrik VIII, som blei krona i 1509. På kontinentet gjord Thomas Boleyn sin sjarm og profesjonalitet at han mange beundrarar, blant anna erkehertuginne Margarete av Austerrike, dottera til keisar Maximilian I av det tysk-romerske riket. Ho styrte Nederlanda på vegner av far sin, og var så imponert over Boleyn at ho tilbaud den yngste dotter han ein plass i hushaldet sitt. Normalt måtte ei jente vera 12 år for å oppnå ei slik ære, men Anne kan ha vore yngre, sidan Margarete refererte varmt til henne som «la petite Boleyn» (sjølv om dette kan tolkast ulik, til dømes til å visa til høgda hennar).[6] Anne skal ha gjort eit godt inntrykk i Nederlanda med manerane sine og fliden for å læra. Ho budde der frå våren 1513 til vinteren 1514, då far hennar sørgde for at ho kunne studera vidare i Paris.

I Frankrike blei ho hoffdame for dronning Claude av Frankrike og fungerte òg som omsetjar når det kom engelske vitjande av høg rang til det franske hoffet. I hushaldet til dronninga heldt ho fram med å læra fransk språk, og fekk grundig kjennskap til fransk kultur og etikette. Ho utvikla òg interesse for mote og for religiøs filosofi, noko som seinare bidrog til reformeringa av den engelske kyrkja. Den europeiske utdanninga hennar blei avslutta i 1521, då ho blei kalla tilbake til England av far sin. Ho segla frå Calais, som då framleis tilhøyrde England, i januar 1522.

Framferd og personlegdom[endre | endre wikiteksten]

Eit portrett av Anne Boleyn måla nokre år etter at ho døydde. Biografskrivaren Ives har karakterisert det som svært nær «den verkelege Anne Boleyn».

Anne Boleyn blei ikkje rekna som særskild ven i samtida si. Ho var for tynn og fargen blei rekna av mange som for mørk i ein periode då ein førtetrekt lys hud og hår. Likevel var det mange observatørar som var imponerte av dei mørke augo hennar og det lange, svarte håret. Ein italienar som møtte henne i 1532 skreiv at ho var «ikkje av dei venaste kvinnene i verda», men andre meinte at ho var «competent belle» («ganske ven») og «ung og pen».

Folk synest hovudsakleg å ha vorte tiltrekt av karismaen til Anne. Ho gav eit godt inntrykk med sin sikre sans for mote og inspirerte mange nye trendar blant hoffdamene. William Forrest, forfattar av eit samtidig dikt om Katarina av Aragón komplimenterte danseevna til Anne «Her», skreiv han, «var ei frisk, ung dame som kunne trippa og gå».[7]

Ho var ein from kristen[8] i den nye humanistiske renessansetradisjonen. Ho gav òg sjenerøst til velgjering og gav almisser til dei fattige. I ungdommen var ho «søt og glad» og likte å spela, drikka vin og sladra.[9] Ho var òg modig og kjenslevar, men ifølgje fiendar kunne ho òg sløsa, vera nevrotisk, vondskapsfull og snarsint.

Henrik VIII[endre | endre wikiteksten]

Katarina av Aragón, den første kona til Henrik VIII.

På tida då Anne Boleyn kom til hoffet til kong Henrik VIII var den første dronninga hans, Katarina av Aragón, populær blant mange. Alle sønene hennar med Henrik hadde døydd i spebarnsalderen, og Henrik var utolmodig etter å skaffa seg ein mannleg arving til trona for å oppretthalda dynastiet sitt og hindra borgarkrig.

Anne Boleyn debuterte ved hoffet i eit maskeradeball i mars 1522 der ho utførte ein detaljrik dans saman med den yngre systera til kongen, fleire andre hoffdamer og kongen si elskarinne – Anne si eiga syster Mary. I løpet av eit par veker etter denne opptredenen var ho kjend som den mest fasjonable og dugelege kvinna ved hoffet og ho har blei referert til som eit «glass of fashion».[10]

Systera til Anne, Mary, hadde tidlegare vore elskarinna til kongen ei kortare tid medan ho var gift med William Carey, ein herre i kongsrådet. Det har gått rykte om at det eine eller begge borna til Mary Boleyn hadde Henrik VIII som far. Nokre historikarar som Alison Weir har stilt spørsmål om sonen til Mary, Henry Carey, faktisk hadde Henrik VIII som far.[11] Ein går ut frå at tilhøvet til kongen til Mary var avslutta lenge før han blei involvert med den yngre systera hennar Anne.

I byrjinga blei Anne Boleyn halden i bakgrunnen, men i løpet av 1528 var det alminneleg kjent at Henrik akta å gifta seg med henne. Slektningane til Anne støtta saken hennar, og dei hadde mange tilhengarar ved hoffet. Innleiingsvis distanserte Anne seg frå politikken. Ho omgav seg med luksus i den nye livsstilen sin, og kongen betalte for kva som helst. Ho skaffa seg ein stor garderobe av festkjolar, pels og juvelar. Ho fekk òg tildelt sin eigen stab av tenarar, fleire hoffdamer og nye palassrom.

I 1529 verka det som om pave Klemens VII ikkje var nærare til å gje Henrik ein annullering av ekteskapet enn han hadde vore i 1527. Spionane til Anne rapporterte at delar av problemet var at nevøen til Katarina av Aragón, Karl V av det tysk-romerske riket, hadde teke paven til fange. Henrik innsåg at det var utenkjeleg at paven ville gje han ei annullering av ekteskapet frå tanta til keisaren.

Etter som dei politiske spenningane auka på kontinentet oppstod det forvirring ved det engelske hoffet då ein tvilte på kardinal Wolsey sin lojalitet til Anne Boleyn. Boleyn-fraksjonen var overtydd om at han var forrædersk, og opprettheldt presset fram til Wolsey fekk avskjed frå stillinga under kongen i 1529. Etter å ha blitt avsett bønnfall kardinalen Anne Boleyn om å hjelpa han attende til makta, men ho nekta. Han byrja då ein løynleg konspirasjon for å tvinga Anne i eksil ved å korrespondera med både paven og dronning Katarina. Då dette blei oppdaga gav Henrik ordre om å arrestera Wolsey, og hadde det ikkje vore for at han døydde av ein alvorleg sjukdom i 1530 ville han ha blitt avretta for forræderi. Eit år seinare blei dronning Katarina forvist frå hoffet og det gamle rommet hennar blei gjeve til Anne.

Med Wolsey ute av vegen var Anne Boleyn blitt den mektigaste personen ved hoffet. Ho hadde betydeleg makt over utnemningar til regjeringa og i politiske saker.

Den sotre irritasjonen hennar over at Vatikanet nekta henne å bli dronning fekk henne til å føreslå eit nytt alternativ for kongen. Ho antyda at han burde følgja råda til religiøse radikale som William Tyndale, som fornekta autoriteten til paven og meinte at det var monarken som burde vera overhovudet til kyrkja. Då William Warham, den konservative erkebiskopen av Canterbury, døydde, fekk Anne Boleyn familiepresten Thomas Cranmer utpeikt til den ledige stillinga. Ho støtta òg at den radikale og lavadelige Thomas Cromwell skulle kunna klatra i sosial og politisk tyding, og medverka til at han enda som den nye favorittrådgjevaren til kongen.

I løpet av denne perioden spelte Anne òg ei stor rolle i engelsk utanrikspolitikk ved å sikra ein allianse med Frankrike. Ho etablerte ein god kontakt med den franske ambassadøren Giles dei la Pommeraye, som var betatt av henne. Med hans hjelp arrangerte ho ein internasjonal konferanse i Calais vinteren 1532 der Henrik håpte at han kunne få den franske kongen sin, Frans I, støtte for det nye ekteskapet sitt.

Før Henrik drog til Calais utnemnde han Anne til markise av Pembroke, og gjorde henne med dette til den første engelske kvinna og borgaren ein kjenner til som blei adeleg i eigen rett og ikkje via arv. Familien til Anne skodde seg òg på tilhøvet. Far hennar, som, allereie var vicomte Rochford, blei utnemnd til jarl av Wiltshire og, med støtte frå ei avtale med kongen og dei irske slektningane til Anne, Butler-familien, òg jarl av Ormonde. Takka vera Anne sin innverknad fekk den fråskilde systera hennar Mary ein årleg pensjon på 100 pund, og sonen til Mary, Henry Carey, fekk sin utdanning på eit prestisjefylt cisterciensarkloster.

Ekteskap[endre | endre wikiteksten]

Konferansen ved Calais var ein politisk triumf sidan den franske regjeringa til slutt gav si støtte for ekteskapet Henrik VIII ønskte. Rett etter at dei kom tilbake til Dover i England gjennomførte Henrik og Anne ei hemmeleg ekteskapspakt, og han kunne endeleg gå til sengs med henne etter sju års venting.[12] Ho blei gravid i løpet av nokre få månader og, som vanleg var med kongelege, blei det gjennomført eit andre bryllaup i London den 25. januar 1533.

Hendingane byrja no å koma i hurtig rekkjefølgje. Den 23. mai 1533 nedsette erkebiskopen av Canterbury, Thomas Cranmer, eit eige råd i Dunstable oppnemnd av kongen for å avgjera gyldigheiten av ekteskapet til kongen med Katarina av Aragón, og erklærte dette ekteskapet for daudt og ugyldig. Fem dagar seinare, den 28. mai 1533, erklærte Cranmer ekteskapet til Henrik og Anne for å vera rett og gyldig. Etter sju lange år blei Anne endeleg juridisk kona til Henrik og dronning av England. Katarina blei formelt fråteken tittelen som dronning slik at Anne kunne kronast 1. juni 1533.

På trass av paven erklærte Cranmer no at den engelske kyrkja stod under kong Henrik VIII sin kontroll, og ikkje under Den heilage stolen. Dette var det berømte «brotet med Roma» som signaliserte slutten på engelsk historie som ein romersk-katolsk nasjon. Dronning Anne var lukkeleg over utviklinga, sjølv om ho blei verande katolsk meinte ho at pavedømet hadde ein korrumperande innverknad på kristendomen. Restane av dei katolske tankane hennar kan ein sjå i den prangande andakta for jomfru Maria under kroningsseremonien hennar.

Etter kroninga trekte ho seg tilbake i stille for å førebu seg for fødselen. Ho vart djupt bekymra då Henrik blei forgapa i ei hoffdame og dette førte til deira fyrste samanstøyt. Utruskapen til longen var kortvaring sidan Henrik ikkje ynskte å setja graviditeten til dronninga i fare på noko vis.

Barnet til Henrik og Anne blei fødd litt for tidleg den 7. september 1533 ved favorittbustaden til kongen, Greenwich Palace. Barnet vart døypt Elizabeth til ære for Henrik si mor Elizabeth av York. Ho fekk ein strålande dåpsseremoni, men Anne frykta at dottera til Katarina, Maria, ville truga posisjonen til Elizabeth. Henrik døyvde frykta til dronninga ved å ta frå Maria tenarane hennar og sende henne til Hatfield House som hoffjente for prinsesse Elizabeth som levde med sin eigen storstilte tenarstab. Den landlege lufta var betre for helsa til det nyfødde barnet og Anne var ei kjærleg mor som ofte vitja dottera si.[13] Besøka hennar medførte òg friksjonar mellom henne og stedottera Maria, som tidlegare hadde hatt hengivenheit frå kongen, og som refererte til dronninga som «far min si elskarinne», medan Anne på si side kalla Maria for «den forbanna lausungen».

Livet som dronning[endre | endre wikiteksten]

Anne Boleyn hadde ein større stab enn Katarina med over 250 tenarar for personlege behov, alt frå prestar til stallgutar. Det var òg 60 hoffdamer som tente henne og følgde henne til sosiale hendingar. I byte for dette håpa foreldra deira at dronninga ville fungera som ein god husfrue og sørgja for gode ekteskap for dei. Ho hadde streng kontroll med moralen til hoffdamene og det åndelege velveret deira, og ho tukta Margaret Shelton då denne blei tatt i å skriva dikt i bønneboka si. Ho tilsette fleire prestar som tok imot skriftemåla hennar. Favoritten var den religiøst moderate Matthew Parker, som kom til å bli ein av hovudarkitektane til den moderne engelske kyrkja under dottera hennar Elisabet I.

Som dronning førte ho eit strålande hoff. På 1500-talet var dei kongelege forventa å vera ekstravagante for slik å visa styrken til monarkiet. Anne brukte store summar på kostbare kjolar, smykke og hårfrisyrar, strutsefjører, rideutstyr og det finaste av møblement og møbelstoff frå heile verda, men ho sette seg i respekt overfor dei som var for gemyttlege i omgang med henne eller hoffdamene.

Ekteskap blei òg konfliktfylt. Det var rolege periodar med ømheit, men dei stadige sidespranga til kongen opprørte Anne, og ho reagerte med tårer og raseri for kvar ny elskarinne. Henrik på si side fann meiningane hennar om religion og politikk irriterande, og han såg på hennar manglande evne til å gje han ein son som forræderi. Den andre graviditeten hennar enda i ein spontanabort sommaren 1534.

Døden til Katarina av Aragón[endre | endre wikiteksten]

I januar 1536 døydde Katarina av Aragón av kreft. Då nyhenda om dette nådde Henrik og Anne skal dei ha kledd seg i skinnande gule klede. Nokre historikarar har tolka dette som ei offentleg gledesytring, men andre har peikt på at gult var den nasjonale sørgefargen i Spania i denne perioden og blei nytta i respekt for dei daude. Det er diskutert om dei kongelege ville feira døden til Katarina offentleg sidan Henrik rekna henne som enke bror sin, prins Arthur.

Same dagen som Katarina blei gravlagd, den 29. januar 1536, spontanaborterte Anne ein son. For dei fleste observatørar var dette personlege tapet byrjinga på slutten for ekteskapet. Kva som skjedde etterpå er blant dei meste kontroversielle periodane av engelsk historie, både som ein personleg tragedie og som ein indikasjon på dei store politiske omveltingane i tudormonarkiet. Medan Anne kvilte ut frå aborten erklærte kongen sjølv at ekteskapet hans var forbanna av Gud. Jane Seymour blei flytta inn i nye leilegheiter og Annes bror blei nekta ærestilvisinga Hosebandordenen, som i blei gjeven til broren til Jane SeymourVed fleire høve i dei påfølgjande månadene uttrykte Anne frykt for at ho kom til å bli skild.

Anne Boleyns fall[endre | endre wikiteksten]

I dei siste dagane av april 1536 blei ein flamsk musikar i Anne sin teneste, Mark Smeaton, arrestert og torturert av Thomas Cromwell. Smeaton nekta i byrjinga for at han var elskaren til dronninga, men tilstod under tortur. Han oppgav òg namn på andre hoffmenn, sir Henry Norreys (eller Norris), ein gammal ven av både Anne og kongen. Norris blei arrestert den 1. mai, men sidan han var adeleg kunne han ikkje torturerast. Han nekta for all skuld og svor at Anne òg var uskyldig. Sir Francis Weston vart arrestert to dagar seinare med same tiltale. William Brereton, ein offiser ved kongsrådet, blei òg arrestert under tiltale om hor, men det verker som om han var berre eit offer for gammalt nag frå Thomas Cromwell si side. Den siste skuldingane var bror til dronning Anne, som blei arrestert skulda for incest og forræderi. Han blei skulda for å ha hatt eit seksuelt tilhøve til syster si i løpet av dei siste tolv månadene.

Allereie då Smeaton blei arrestert forstod Anne Boleyn alvoret i komplottet mot henne. Den same dagen tok ho vesle Elizabeth i armane og bønnfall kong Henrik om nåde, men forgjeves. Den 2. mai 1536 blei ho arrestert medan ho åt lunsj og frakta til Tower of London. Ho blei forhøyrd av onkelen sin, hertugen av Norfolk.[14] I fengselet fekk ho eit mindre nervøst samanbrot og forlangte å vita alle detaljar om sin familie og tiltalene mot seg.

Fire av mennene blei tiltalte ved Westminster den 12. mai 1536. Weston, Brereton og Norris heldt fram ved at dei var uskyldige, og berre under tortur sa Smeaton seg skyldig. Tre dagar seinare blei Anne og George Boleyn tiltalte kvar for seg i Tower of London, ho først og han etterpå. Ho var tiltalt for hor, incest, hekseri og høgforræderi. Henrik og elskerinna hans Jane Seymour blei sett ved ein bankett på Thames på same tid. Fleire pamflettar sirkulerte rundt i London som gjorde narr av rettssaka og støtta dronninga.

Sidan ho var adeleg blei ho tiltalt av 26 lordar, og den seremonielle leiaren var onkelen hennar, hertugen av Norfolk. Sidan Earl Marshal av England måtte vera til stades, og sidan Norfolk hadde denne posisjonen, overtok sonen hans, Henry Howard, jarl av Surrey, denne posisjonen ved rettssaka, og tok såleis sete nedanfor far sin. Henry Percy var òg ein av dei som var nøydde til å vera medlem av den juryen som dømde henne. Då domen var sett svima Henry av og blei boren ut.

Avrettinga[endre | endre wikiteksten]

Rettarstaden på Tower Green, der Anne blei halshoggen.

George Boleyn og dei andre tiltalte mennene blei avretta den 17. maien. Bestyraren av fengselet rapporterte at Anne tilsynelatande var glad og klar til å ta farvel med livet. Ho skal etter seiande ha sagt då ho fekk høyra at kongen hadde dømt henne frå brenning til halshogging og tilsett ein sverdmann frå Calais (for at dronninga ikkje skulle skiljast frå hovudet sitt med ein ordinær øks): «Han skal ikkje ha store vanskar for eg har ein liten nakke. Eg skal blir kjend som La Reine sans tête (den hovudlause dronninga)».

Anne bar eit «raudt underskjørt under ein laus, mørkegrå langkjole av damask trimma i pels». Håret hennar var bunde opp og ho bar det vanlege franske hovdplagget sitt. Ved skafottet gav ho ein kort tale.

Ho bøygde seg deretter i ståande posisjon framover sidan det i samband med franske avrettingar med sverd ikkje var behov for ei blokk. Dei siste bønene hennar bestod av at ho gjentok «Til Jesus Kristus overgjev eg min sjel; Herre Jesus, motta min sjel!» Hoffdamene hennar fjerna hovudplagget og band eit bind for auga hennar. Avrettinga var rask og bestod av eitt einaste hogg.

Anne var dronning i berre 1000 dagar.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. uttale av etternamnet er :/ˈbʊlɪn, bʊˈlɪn/
  2. Ho er nokre gonger kjend med etternamnet «Bullen», som var den opphavlege uttalen av familienamnet hennar i mellomalderen, men ho nytta sjølv alltid «Boleyn» som var den næraste omsetjinga av namnet hennar på fransk, som var språk ho sjølv føretrekte. Det eldste brev hennar som er att, frå ca. 1514, antyder at «Boleyn» heller enn «Bullen» allereie var blitt nytta av familien ei tid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tidligere historikere betraktet 1507 for å være den aksepterte dato, men i 1981, kunsthistorikeren Hugh Paget demonstrerte at et brev Anne hadde skrevet i 1513 fra Brussel da hun var maid of honor i dette hoffet, en stilling som bare var åpne for en 12 - eller 13-åring, var ikke hånden av en 6-åring. [Ives - Life & Death of Anne Boleyn]
  2. Ives, s. xv
  3. Sjå Eric Ives sin biografi The Life and Death of Anne Boleyn for den mest omfattande argumentasjonen for 1500/1501 og Retha Warnicke sin The Rise and Fall of Anne Boleyn for subjektiv spekulasjon om året 1507.
  4. Sjå Ives, s. 18–20
  5. Ives, side 3.
  6. Fraser og Ives argumenterer at dette er klare tegn på at Anne sannsynligvis ble født i 1501, noe som gir henne en alder som tilsvarer de øvrige pikene, men Warnicke er uenig, delvis på grunn av kallenavnet «petite» (= lille). Se Ives, side 19; Warnicke, sidene 12–13.
  7. Fraser, side 115.
  8. For en utførlig diskusjon om Annes religiøse tro, se Ives, sidene 277–287.
  9. Weir, side 153.
  10. Starkey, side 264
  11. Weir, Alison: Henry VIII: The King and His Court, side 216.
  12. Starkey, sidene 462–464.
  13. Weir, sidene 259–260.
  14. Childs, Jessie, side 104–105.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Marie-Louise Bruce (1972): Anne Boleyn
  • Hester W. Chapman (1974): The Challenge of Anne Boleyn
  • Professor E.W. Ives (1986): Anne Boleyn
  • Professor R.M. Warnicke (1989): The Rise and Fall of Anne Boleyn: Family politics at the court of Henry VIII
  • Alison Weir (1991): The Six Wives of Henry VIII
  • Lady Antonia Fraser (1992): The Wives of Henry VIII
  • David Loades (1994): The Politics of Marriage
  • Karen Lindsey (1995): Divorced Beheaded Survived: A Feminist Reinterpretation of the Wives of Henry VIII
  • Caroline Meyer (2002): Doomed Queen Anne
  • Dr. David Starkey (2003): Six Wives: The Queens of Henry VIII
  • Joanna Denny (2004): Anne Boleyn: A new life of England's tragic queen
  • Professor E.W. Ives (2004): The Life and Death of Anne Boleyn