Higravfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 68°22′53″N 14°48′41″E Higravfjorden er den inste delen av Sløverfjorden på nordsida av Austvågøy i Hadsel kommune. Fjorden strekkjer seg 4,5 km sørvestover til grenda Higrav i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Budalsneset i vest og Austavindsneset i aust. Grenda Budalen ligg på vestsida om lag halvvegs inn i fjorden. Austsida er ikkje busett og har bratte fjellsider som stig opp til 600-700 meter over havet.

Europaveg 10 går langs heile vestsida av fjorden.