Sløverfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 68°24′59″N 14°51′31″E Sløverfjorden er ein fjordarm av Hadselfjorden på nordsida av Austvågøy i Hadsel kommune i Vesterålen. Fjorden strekkjer seg 10 km sørvestover til Higrav inst i Higravfjorden som er namnet på den inste delen.

Fjorden har innløp mellom Kalvøya i vest og Svartgalten i aust. Midt i innløpet ligg òg Arnøya. På vestsida av Arnøya ligg Arnøysundet og over dette sundet går Europaveg 10 og rett inn i ein tunnel under fjorden som ein del av Lofast. Europavegen følgjer heile vestsida av fjorden. Det er få busetnader langs fjorden. Higrav ligg inst i fjorden, og på vestsida av Higravfjorden ligg Budalen. På austsida ligg Sløvra. Litt sør for Sløvra går Austpollen vel ein kilometer søraustover.