Hildegun Riise

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hildegun Riise
Fødd19. desember 1958
FødestadStrandebarm
Verka somskodespelar
PrisarAmandaprisen for beste kvinnelige hovedrolle, Hedda-prisen

Hildegun Riise (fødd 19. desember 1958) er ein norsk songar og skodespelar frå Strandebarm i Hardanger.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Riise utdanna seg ved Statens teaterhøgskule i åra 1983-86, og debuterte som skodespelar ved Det norske teatret same året som ho var ferdigutdanna. Ho har vore tilsett ved teateret sidan då, og har mellom anna utmerka seg i stykke av Jon Fosse.

Med filmen Landstrykere frå 1989, basert på boka av Knut Hamsun, fekk Riise den fyrste filmrolla si. På fjernsyn gjorde ho stor suksess i dramaserien Vestavind. Ho har også gjeve stemme til fleire teiknefilmseriar, m.a. Flukta frå Dyreskogen.

I 1993 gav ho ut cd-en Vår fattige Gud der ho syng tekstar av Edvard Hoem til melodiar av Henning Sommerro. Ho har også opptrått i ein litterær konsert som bestod av dikt av Olav H. Hauge.

Roller[endre | endre wikiteksten]

Teater[endre | endre wikiteksten]

Film og fjernsyn[endre | endre wikiteksten]

  • Landstrykere - (1990) Film. Jomfru Ellingsen
  • Hvitsymre i utslåtten (1991) Kortfilm.
  • For dagene er onde (1991) Film. Kjersti
  • Flaggermusvinger (1992) Film. Gertrud
  • Giftige løgner (1992) Film. Åsa
  • Vestavind (1994) TV-serie. Agnes Nedrebø
  • Søndagsengler (1996) Film. Fru Tunheim
  • Detektor (2000) Film. Camilla
  • Husa i ein by (2000) Kortfilm.
  • Turbulent sone (2000) TV. Mor
  • Det største i verden (2001) Film. Petras mor
  • Himmelfall (2002) Film. Vigdis
  • Mens du står utenfor (2002) Kortfilm.
  • Suzannah (2003) TV. Suzannah, midt i livet
  • Min misunnelige frisør (2004) Film. Susie
  • Ekko av Ibsen - Kjøter (2006) Novellefilm.
  • Krapp sving (2006) Kortfilm.
  • Sejer - Svarte sekunder (2006) TV-serie. Ruth
  • De gales hus (2008) Film. Engelen

Stemme i teiknefilmseriar[endre | endre wikiteksten]

  • Eventyrstund med Janosch (1986) Forteljar
  • Flukta frå Dyreskogen (1993)
  • Kisten (1997)
  • Balanse (2001) (Ikkje teiknefilm) Forteljar.
  • Katteprinsen (2002) Harus distre mamma

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • I 2001 vann ho Amanda-prisen for beste kvinnelege skodespelar for rolla si som Camilla i filmen Detektor.
  • I 2003 vann ho Aksel Waldemars minnepris under utdelinga av Heddaprisen.
  • I 2007 vann ho Heddaprisen i klassen Beste kvinnelege birolle for rolla som Bestemor i Agato Kristofs Tvillingar.
  • I 2015 vart ho tildelt "Aase Byes Legat"

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]