Hindnesfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°40′17.389″N 5°23′24.601″E

Hindnesfjorden sett frå Øvre Veland

Hidnesfjorden er ein fjordarm av Austfjorden i Lindås kommune i Hordaland. Han har ei lengd på 10 km og det meste av fjorden går parallelt til Austfjorden.

Han har innløp mellom Hodnaneset i nord og Hosøyni i sør og går hovudsakleg frå nordvest til søraust. Innanfor Hodnaneset ligg Hodnaviki med tettstaden Myking i botn. Like søraust for Hosøyni ligg innløpet til Dalafjorden, ein fjordarm av Hidnesfjorden, som går rett sørover. Det ligg fleire gardar og grender langs begge sidene av fjorden, mellom anna Veland på austsida som er den største av desse. I dei indre delane av fjorden er vestsida forholdsvis bratt og stig nesten 350 meter rett opp. Inst i fjorden ligg Eidatrædet. Frå her er det berre 1,5 km sør til Ostereidet ved Osterfjorden.