Hopp til innhald

Dalafjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dalafjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Alver
Kart
Dalafjorden
60°40′20″N 5°21′31″E / 60.67225389°N 5.35858194°E / 60.67225389; 5.35858194

Dalafjorden er ein fjordarm av Hindnesfjorden, som igjen er ein del av Austfjorden og Fensfjorden i Alver kommune i Vestland. Han har ei lengd på 5,5 km og går nesten parallelt til Hindnesfjorden og Austfjorden.

Han har innløp mellom Oddane i aust og grenda Jordal i vest. Han går først rett sørover og ved grenda Hauge snur han søraustover. Frå her og inn til botn vert fjorden kalla Vågane. Den inste delen av fjorden heiter Æsevågen.