Hindutva
Hindutva viser til rørsler som fremjer hindunasjonalisme i India. Ordet blei laga av Vinayak Damodar Savarkar og lansert som tittelen på ein pamflett i 1920. Paraplyorganisasjonen Sangh Parivar samlar i dag ulike Hindutva-grupper, som Rashtriya Swayamsevak Sangh (RSS), Bharatiya Janata Party (BJP), Bajrang Dal og Vishwa Hindu Parishad.
Medan Hindutva-ideologien oppstod tidleg på 1900-talet, fekk han først større tyding mot slutten 1980-åra. To omstridde saker, Shah Bano-saka og Ayodhya-saka, mobiliserte mange fleire hinduar til rørsla. Ayodhya-saka førte til store opptøyar og drap mellom indiske hinduar og muslimar. I løpet av 1990-talet fekk Hindutva-parti politisk makt, og BJP sat med regjeringsmakta i India frå 1998 til 2004.
Hindutva-grupper legg vekt på å verna om «hinduiske verdiar», og er mellom anna imot den noverande indiske ordninga med ulike lovar for dei ulike trussamfunna i landet når det gjeld ekteskap, arv og familie. Dei har gått imot særbehandling av religiøse minoritetsgrupper, som muslimar. Gruppene går også gjerne imot vestleg innverknad, som kristen misjonering retta mot hinduar[1] eller «uhinduiske skikkar» som valentinsdagen.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen inneheld stoff frå «Hindutva» frå Wikipedia på engelsk, den 6. april 2011.
- ↑ «Adivasi vs Vanvasi: The Hinduization of Tribals in India», The Foreign Exchange of Hate, Sabrang Communications & Publishing, 2002
- ↑ «Groups tell couples to boycott Valentine's Day», Times of India, Feb 13, arkivert frå originalen 3. januar 2014, henta 6. april 2011; «Valentine's Day Not Loved in Many Areas of the World», VOA News, February 13, 2011