Valentinsdagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Valentinskort med verset «My Dearest Miss, I send thee a kiss» utanpå.

Valentinsdagen den 14. februar er ein festdag for romantisk kjærleik. Han blir markert ved at ein gjev gåver, helsingar eller romantiske opplevingar til den ein elskar eller berre vil flørta litt med.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Den kristne feiringa av dagen kan ha røter i romersk feiring av gudinna Juno som representerte kvinner og ekteskap (14. februar), og starten på lupercaliafestivalen, ein fruktbarheitsfest som byrja 15. februar.[1] Pave Gelasius I la ned forbod mot å feira lupercalia seint på 400-talet.[2] Det er fyrst på 1300-talet ein kjenner til at valentinsdagen vart feira som ei romantisk høgtid i Frankrike og England.[3]

Valentinsdagen er knytt til heilage Valentin. Valentin vart fengsla etter at den romerske keisaren Claudius truga med fengsel og dødsstraff for dei som ikkje avsverga seg kristendommen. Valentin ville ikkje avsverge si gudstru, og difor vart han steina til døde i år 273. Før Valentin vart drepen, skreiv han eit brev til si kjære Julia og bad henne om å halde seg til Gud. Han underteikna med «… frå din Valentin».[4]

Tradisjonar[endre | endre wikiteksten]

Mange sender postkort til kjærasten sin denne dagen, og Posten har arbeidd for å innføre denne tradisjonen i Noreg.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Kristin Grønli (14. februar 2003). «Alle hjerters dag». Forskning.no. Arkivert frå originalen 2003-06-18. 
  2. «Valentine’s Day | Definition, History, & Traditions | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 27. januar 2022 
  3. Simpson, Jacqueline; Roud, Steve (1. januar 2003). Simpson, Jacqueline; Roud, Steve, red. «Valentine's Day» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-860766-3. doi:10.1093/acref/9780198607663.001.0001/acref-9780198607663-e-1084. 
  4. «Hjerte og dikt på frimerker». Posten.no. 02.02.2005. Arkivert frå originalen 2006-01-13. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Valentinsdagen