Hippo Regius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 36°54′N 7°46′E

Ruinar i Hippo Regius.

Hippo Regius var ein romersk by i noverande Algerie. Han ligg like ved den moderne byen Annaba.

Utskjering frå Hippo Regius.

Hippo Regius var ein større nordafrikansk by i romersk tid. Numidiske kongar budde her, og etter Punarkrigane (264-146 f.Kr.) blei han sjølvstendig.

I kristen tid blei byen eit trussentrum. Det husa tidlege konsil som konsilet i Hippo (år 393), og blei bispesetet for kyrkjelæraren Augustin.

Byen blei øydelagd av vandalar i 431. Han kom under Det austromerske riket, men blei øydelagd igjen, av arabarar, i 697. Staden blei verande ein liten busetnad. Frankrike tok kontroll over han i 1832 og skipa ein kommune her i 1848.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Annaba». Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica Online. Henta 4. januar 2015.