Hirvijärvi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Hirvijärvi er ei bygd og ein innsjø ved riksväg 98 i Övertorneå kommun i Norrbottens län i Sverige. Han ligg omtrent 25 km frå grensa med Finland og 10 km sør for polsirkelen. Hirvijärvi ligg i Övertorneå retningsnummerområde og har Överkalix som poststad. I 1780 vart Isak Hansson skattlagd for nybrottet Hirvijärvi nr. 1. Hovudsakleg har innbyggjarane hatt jord- og skogsbruk som hovudnæring.

Innsjøen ligg 117 meter over havet, og namnet kjem frå orda hirvi, som tyder «elg», og järvi, som tyder «sjø». Han har eit areal på 3,9 km².[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Vatteninformationssystem Sverige – Hirvijärvi

Koordinatar: 66°26′40″N 23°12′30″E