Hjelmelandshallen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Hjelmelandshallen er ein idrettshall i Hjelmeland i Ryfylke. Hallen vart ferdigstilt opna i år 2000.

Her samlast barn og unge til aktivitetar som byggjer opp og styrkjer kroppen. Handball og fotball er dei aktivitetane det er mest av. Det finst også styrkerom til utleige. Nokre helger i året er det samlingar, der fotball, handball eller volleyball blir sett i fokus. Annankvar fredagskveld blir det arrangert ungdomsrom, der ungdommane møtest i foajéen for å spela, sjå på TV, høyra musikk, driva aktivitetar inne i hallen og ha det gøy saman.

Hjelmeland Idrettslag er den største brukaren av hallen.