Hjelmslekta
Utsjånad
| Hjelmar | |
| Systematikk | |
| Rike: | Planteriket Plantae |
| Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
| Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
| Orden: | Soleieordenen Ranunculales |
| Familie: | Soleiefamilien Ranunculaceae |
| Underfamilie: | Ranunculoideae |
| Stamme: | Delphinieae |
| Slekt: | Hjelmar Aconitum L., 1753 |
Hjelmslekta (Aconitum) er ei planteslekt av høge, fleirårige urter i soleiefamilien. I Noreg veks ein art vilt, tyrihjelm. Sjølv om hjelmar er mellom dei giftigaste plantene, vert dei dyrka i hagar på grunn av dei vakre blomane. Gifta heiter akonitin og vart tidlegare brukt som legemiddel.
Nokre kjende artar:
- Oktoberhjelm (A. carmichaelii)
- Prakthjelm (A. × cammarum)
- Storhjelm eller venusvogn (A. napellus)
- Tyrihjelm (A. lycoctonum)
- Ulvehjelm eller gulhjelm (A. lycoctonum subsp. vulparia)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hjelmer» frå Wikipedia på bokmål, den 24. april 2010.