Hjelpeverje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Hjelpeverje er ein person som er oppnemnd av overformynderiet (eller av tingretten etter forslag frå overformynderiet) til å bistå og forvalte verdiane for ein myndig person som på grunn av senil demens, utviklingshemming, sinnssjukdom eller andre grunnar ikkje kan vareta sine eigne interesser. Oppnemning av hjelpeverje har ikkje som verknad at den som får hjelpeverje er umyndiggjort. Hjelpeverjeordninga er regulert av Verjemålslova og med tilhøyrande forskrift.

Hjelpeverjen skal som hovudregel vere økonomisk forvaltar og rettsleg representant.

Personen kan sjølv søke om hjelpeverje, og skal som hovudregel samtykke i oppnemninga. Elles kan personen sine nærståande, styrar på sjukeheim mv søke om oppnemning av hjelpeverje. Det skal ligge ved lækjarattest til dømes frå tilsynslækjar som bekreftar behovet.

Når det blir oppnemnt hjelpeverje skal det i oppnemninga bestemmast kva fullmakter hjelpeverjen skal ha - om hjelpeverjen skal bistå i alle saker, eller om her skal vere eit avgrensa oppdrag. Hjelpeverjen må i utgangpunktet levere årleg rekneskap til overformynderiet.

Det vanlege er at ein slektning blir hjelpeverje, men det kan også vere andre som tar på seg slike verv. Viss det er grunnar til det, og vanskeleg å skaffe nokon annan til å ta oppdraget, kan ein advokat bli oppnemnd som hjelpeverje. Hjelpeverje vil ha krav på dekning av utgifter, og vil også kunne krevje betaling for sitt arbeid. Dekning av utgifter og løn er det overformynderiet som godkjenner. Den som har fått oppnemnt hjelpeverje må i utgangspunktet dekke slike kostnader sjølv, men viss vedkomande ikkje har pengar vil kommunen måtte dekke kravet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]