Myndig alder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Myndig)
Gå til: navigering, søk

Myndig alder, tidlegare kalla lagalder, er den alderen ein person blir myndig, det vil seie gamal nok til sjølv å slutte juridisk bindande avtalar og råde over eigne pengar og verdiar utan bruk av verje. Etter at Europarådet i 1972 vedtok ein resolusjon om at myndig alder bør vere 18 år, er dette blitt den vanlege alderen i Europa, frå 1979 også i Noreg.

Myndig alder i norsk historie[endre | endre wikiteksten]

I Magnus Lagabøte si Landslov frå 1274 vart lagalderen sett til 20 år. I 1619 vart myndig alder heva til 25 år. 27. mars 1869 vart den så senka til 21 år. I 1969 vart myndig alder igjen 20 år, og så i 1979 18 år.

Frå 1604 var kvinner umyndige. Frå 1863 vart ugifte kvinner myndige på lik linje med menn, men gifte kvinner heldt fram med å vere umyndige fram til 1888.

Frå 1619 vart umyndige delt i to grupper. Gruppa mellom 18 og 25 år vart kalla mindreårige, og vart rekna som personleg myndige. Formuen deira skulle på den andre sida styrast av ein kurator.

I 1280 kom ein regel om at enker og enkemenn skulle reknast for myndige, sjølv om dei var under 20 år. Fram til 1814 kunne ein søke kongen om å bli gjort myndig, sjølv om ein ikkje hadde oppnådd myndig alder. Det har vanlegvis vore mogleg å inngå ekteskap før oppnådd myndig alder etter søknad om dispensasjon.

Inntil 1969 var myndig alder 21 år, då vart den sett ned til 20 år. Frå 1979 har myndig alder vore 18 år.

Ein person er myndig frå den dagen ein fyller 18 år, Verjemålslova § 1.[1].

Stemmerett har ein derimot viss ein fyller 18 år i løpet av det året valet skal haldast.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Vergemålslova

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]