Hjerne-ryggmergsvæske

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Sirkulasjon av hjerne-ryggmergsvæske i dei øvre delane av sentralnervesytemet
Magnetresonanstomografibilete som syner pulsering av hjerne-ryggmergsvæske med hjarteslag

Hjerne-ryggmergsvæske, cerebrospinalvæske eller berre spinalvæske er ei klår og fargelaus væske som finst i sentralnervesystemet.[1][2] Ho vert i hovudsak danna i koroid pleksus. Strøyming av hjerne-ryggmergsvæske er driven av innanding, hjarteslag og kroppshaldning.[3]

Hjerne-ryggmergsvæska gjev oppdrift til hjernen og kan ta opp i seg energien frå støyt. Ho kan òg frakta næring og avfallsstoff til og frå hjernen.[4][3]

Parasittar kan finnast i hjerne-ryggmergsvæska, som Trypanosoma brucei som valdar sovesjuke. Artar i denne slekta, Trypanosoma, kan lett øksla seg i hjerne-ryggmergsvæska.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «cerebrospinalvæske» i Store medisinske leksikon, snl.no. Henta 4. juli 2017.
  2. «hjernevæske» i Store medisinske leksikon, snl.no. Henta 4. juli 2017.
  3. 3,0 3,1 Spector, Reynold; Robert Snodgrass, S.; Johanson, Conrad E. (2015). «A balanced view of the cerebrospinal fluid composition and functions: Focus on adult humans». Experimental Neurology 273: 57–68. PMID 26247808. doi:10.1016/j.expneurol.2015.07.027. 
  4. Wright, Ben L. C.; Lai, James T. F.; Sinclair, Alexandra J. (2012). «Cerebrospinal fluid and lumbar puncture: A practical review». Journal of Neurology 259 (8): 1530. PMID 22278331. doi:10.1007/s00415-012-6413-x. 
  5. Truc, Philippe; Tiouchichine, Marie Laure; Cuny, Gérard; Vatunga, Gedeão; Josenando, Théophile; Simo, Gustave; Herder, Stéphane (2012). «Multiple infections of Trypanosoma brucei gambiense in blood and cerebrospinal fluid of human African trypanosomosis patients from Angola: Consequences on clinical course and treatment outcome». Infection, Genetics and Evolution 12 (2): 399. doi:10.1016/j.meegid.2012.01.010. 
Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.