Sovesjuke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Trypanosoma-parasittar i blodet til ein pasient med sovesjuke.

Sovesjuke (trypanosomiasis) er ein sjukdom gjeven av parasittar som typisk blir overført gjennom bit frå tsetsefluger. Sjukdommen er ein tropesjukdom som er utbreidd i Afrika. Ein reknar med at mellom 50 000 og 70 000 menneske i verda har sovesjuke; sjukdomstala har gått ned noko etter 2000.

Formene for sovesjuke som finst i Aust-Afrika (framkalla av Trypanosoma brucei rhodesiense) er meir aggressive enn den som finst i Vest-Afrika (framkalt av Trypanosoma brucei gambiense).

Ein reknar med at sovesjuka finst over eit 8 millionar kvadratkilometer stort område i Afrika, og at 7000 - 10 000 menneske døyr kvart år av sjukdomen. Store epidemiar har funnest, særleg i samanheng med hungersnaud der menneske si motstandskraft er veikt. Sovesjuke vert først og fremst spreitt av artene Glossina palpalis og G. tachinoides i Vest-Afrika og Glossina morsitans og G. pallidipes i Aust-Afrika.

Symptom[endre | endre wikiteksten]

Når ein har vorte infisert med sovesjuke dannar det seg ein liten opphovning rundt bittstaden som kan vare i nokre veker. Etter 10-20 dagar kjem feber, trøyttleik, søvnløyse, hovudverk og ein følar seg generelt dårleg. Lymfekjertlane er oppsvulma og ein kan òg få utslett.

Etter eit halvt til eitt år kjem symptom på at sentralnervesystemet er ramma. Ein blir trøytt og apatisk og får ofte personlegdomsendringar. Ein kan falle i søvn kvar og når som helst, men sjukdomen kan òg gje søvnløyse. Dersom ho ikkje blir handsama er sovesjuka dødeleg, men om ein får medisinsk hjelp tidsnok har ein eit god høve til å bli frisk.

Bekjemping[endre | endre wikiteksten]

Ein har freista å bekjempa sovesjuke på ulike måtar, i mange tilfelle gjennom å prøva å utrydda tsetseflugene. Drastiske metodar er å fjerna krattvegetasjonen eller å utrydda dei ville dyra som er reservoar for sjukdomen, men dette fører til store økologiske problem. Like så har kampanjar med å sprøyta store område med insektmiddel vist seg å ha store negative følgje, og dei har heller ikkje vore effektive for å utrydde fluene.

Ein har oppnådd bra resultat ved å fanga tsetsefluger i spesialkonstruerte feller. Sidan tsetseflugene finst i høvesvis små bestandar (for fluger) kan fellefangst redusera bestanden i noko mon. Ein har òg hatt lovande resultat med å sleppa ut store mengder tsetsefluge-hannar som har vorte oppdretta i fangenskap og sterilisert. Hoene som desse hannane parar seg med får ikkje avkom og slik blir bestanden redusert. Desse tiltaka har lukkast på grunn av den låge fruktbarheita til tsetseflugene, som gjer at bestandane ikkje kan byggje seg opp att så fort som for andre fluger.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sovesjuke