Hn/Oktav

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sidor som ligg under «Hn» er skrivne på høgnorsk. Denne finst òg i gjeldande rettskriving — sjå «Oktav».

Ein oktav er fråstandet millom tvo tonar der den eine hev dubbelt so høg frekvens som hin. Ein tone på 400 Hz ligg éin oktav yver ein tone på 200 Hz, medan ein tone på 800 Hz ligg tvo oktavar yver 200 Hz.

Ein oktav er det næst enklaste intervallet i musikken. Eit utræna øyra kjem som regel til å taka dei tvo ulike tonane for den same. Av denne grunnen vert tonar i oktavhøve til einannan gjevne det same namnet i vestleg musikkteori; tonen oktaven yver elder under ein A heiter A, hann òg.

Namnet kjem av det italienske ordet ottava, som tyder åtte. Dette kjem av at det i flest alle skalaer ligg ein oktav på det åttande stìget yver grunntonen i skalaen.

Ordet oktav kann òg nøytast um andre ting som gjeng på åtte, til dømes ein åttedagarsbolk.