Hoftun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Hoftun er eit gardsnamn som òg er nytta som slektsnamn. Gardar med namnet Hoftun finn ein i krinsen Herad i Gol kommune i Hallingdal, og i Suldal kommune i Ryfylke i Rogaland.

Hoftun, som òg vert skrive Hovtun, Hofftun og i andre, liknande variantar, eller i fordanska eller mistydd form som Haftorn, er samansett av hòv, som er den førkristne nemninga på ein heilagdom eller eit hus som vart nytta til kult og andre ritual, og av tun, som har same tydinga som 'tun' i ordet «gardstun».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]