Hogmanay Pass
Hogmanay Pass | |||
fjellovergang | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Grensar til | Scripps Heights | ||
Stad | Aleksanderøya | ||
- høgd | 1 230 moh. | ||
- koordinatar | 69°15′S 64°7′W / 69.250°S 64.117°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Hogmanay Pass 69°15′00″S 64°07′00″W / 69.25°S 64.1167°W | |||
Hogmanay Pass er eit pass på 1230 moh, like sørvest for Scripps Heights, frå toppen av Caseybreen til midten av Lurabeebreen, nordaust i Palmer Land i Antarktis. Passet vart først fotografert frå lufta av Lincoln Ellsworth i november 1935, og den sørlege delen vart kartlagd frå desse bileta av W.L.G. Joerg. Det vart fotografert på nytt av U.S. Antarctic Service i 1940, og av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon i 1947. Passet vart nytta av ei landmålingsgruppe frå Falkland Islands Dependencies Survey i desember 1960 og var ei god slederute. Det fekk dette namnet fordi dei kom til passet den siste dagen i 1960. Nyårsaftaen vert stundom kalla Hogmanay i Skottland.[1]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Hogmanay Pass». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 18. oktober 2012.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Hogmanay Pass» (innhald frå Geographic Names Information System).