Holtedahlfjella
Holtedahlfjella | |||
fjellkjede | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Stad | Dronning Maud Land | ||
- koordinatar | |||
Lengd | 37 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
![]() Holtedahlfjella | |||
Holtedahlfjella (tysk Kurzegebirge) er ei fjellkjede av hovudsakleg nakne fjelltoppar, ryggar og fjell i Orvinfjella i Dronning Maud Land. Fjella strekkjer seg kring 37 km og er fjellkjeda er 11 km brei. Fjella står mellom Drygalskifjella i vest og Kurzefjella og Conradfjella i aust.
Holtedahlfjella vart oppdaga og kartlagd frå flyfoto tekne under Den tyske antarktisekspedisjonen under Alfred Ritscher, 1938–39, som namngav dei Kurzegebirge etter leiaren for marinedivisjonen i det tidlegare Marineleitung (Det tyske Admiralitetet). Dei vart kartlagde på ny av Norsk Polarinstitutt frå landmålingar og flyfoto teken av den norske antarktisekspedisjonen, 1956–60.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Kurze Mountains» (innhald frå Geographic Names Information System).