Homilitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Homilitt er eit sjeldan mineral med svart farge, først skildra frå nefelinsyenitt-pegmatitt ved Langesundsfjorden i 1876. Det er kjemisk eit borhaldig kalsium-jarn-silikat, Ca2FeB2Si2O10. Det krystalliserer monoklint, og er strukturelt nærskyldt med datolitt og gadolinitt.

Namnet kjem av gresk 'å finnast saman med', fordi mineralet typisk opptrer saman med melinofan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]