Honningfelle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.

Honningfelle (engelsk honeypot eller honey trapping) er gjerne ei felle der ein brukar romantiske eller seksuelle tilhøve med formål å skape ein situasjon der offera er viljuge til å betale for å kome seg ut frå. Slike feller vert brukte til å presse offeret til å gi frå seg informasjon, pengar eller fridom, og vert gjerne brukt i samband med forretningar, spionasje, politikk eller kriminell verksemd[1] Eit klassisk døme er å skaffe fotobevis på avslørande seksuelle forhold som offeret gjerne betaler for at dette ikkje skal verta kjent.

Spionasje[endre | endre wikiteksten]

I 2009 sende den britiske etterretningstenesta MI5 ei åtvaring til britiske bankar og andre finansinstitusjonar med titelen "Trusselen frå kinesisk spionasje". Åtvaringa skisserte ei rekkje døme på kinesiske forsøk på utpressing av forretningsfolk over seksuelle, ulovlige tilhøve. Åtvaringa gjaldt særleg kinesisk etterretning som MI5 meinte var i ferd med å bygge opp langvarige relasjoner med individ som seinare skulle kunne utnyttast til å gi frå seg nyttig informasjon eller inngå samarbeid for å skaffe slike[2]

Kjende tilfelle[endre | endre wikiteksten]

Eit kjend tilfelle der honningfelle er nytta, er arrestasjonen av den israelske varslaren Mordechai Vanunu.[3].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kelland, Kate. "Private Eye Defends Integrity of "Honey Trapping"" Reuters 13 Feb. 2008. 18 Feb. 2008 <https://www.reuters.com/article/oddlyEnoughNews/idUSL132980220080213?sp=true>.
  2. Phillip Knightley, The History of the Honey Trap. Five lessons for would-be James Bonds and Bond girls -- and the men and women who would resist them, Foreign Policy, (March 12, 2010).
  3. http://www.middleeast.org/archives/vanunu2.htm