Honoré de Balzac

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Honoré de Balzac
Honoré de Balzac (1842) Detail.jpg
Pseudonym Horace de Saint-Aubin, Lord R’Hoone, Viellerglé
Fødd 20. mai 1799
Tours
Død

18. august 1850
Paris

Yrke romanforfattar, litteraturkritikar
Språk fransk
Far Bernard-François Balzac
Mor Anne-Charlotte-Laure Sallambier
Ektefelle Ewelina Hańska
Born Marie-Caroline Du Fresnay
Honoré de Balzac på Commons

Honoré de Balzac (20. mai 179918. august 1850) var ein fransk romanforfattar, ein leiande aktør i framveksten av dei litterære stilretningane naturalisme og realisme. Åtte av romanane hans og eit par samlingar med forteljingar og noveller har kome ut på norsk.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Balzac var av borgarslekt i Tours. I 1815 flytta han til Paris der han byrja studere jus. Etter eksamen prøvde han utan hell seg som diktar. Han mislukkast òg som forretningsmann, sleit med gjeld sidan i livet. Etter mykje motgang byrja han på ny å skrive. Dei 20 siste åra han levde skreiv han over 80 romanar.

Balzac er særleg kjend som skildrar av det samfunnet han levde i. Han meinte at romanforfattaren skulle vise dei kreftene som styrer samfunnsutviklinga. Utan illusjonar skildrar han menneske som kjempar om goda i verda, og syner klart den rolla pengar spelar i menneska si jakt på nyting, makt og status. Såleis er han ein forløpar for den litterære naturalismen. I politikken gjekk Balzac frå eit liberalt til konservativt verdisyn. Han forsvarte Kyrkjas plass i samfunnet, trass i sterk kritikk av sider ved katolisismen, og var positiv til det restaurerte kongedømmet.

Balzac var fascinert av personlegdomar som dreiv samfunnsutviklinga, endå om dei ikkje fylgde gjengse etiske reglar. Figurane hans er ofte styrt av éi drift eller ein karaktereigenskap som opptrer i stadig meir reindyrka form. I romanane viser han elles medkjensle med taparane i kampen for tilværet.

Balzac er ein allvitande forfattar som kommenterer forteljinga, til dømes forklarar han korleis dei enkelte hendingane illustrerer allmenne lover. Han braut med mange tradisjonelle normer for fransk prosa, dessutan vart han lenge kritisert for å mangle stilistisk eleganse. Stilen er ein integrert del av den dynamiske forfattarskapen, oppbygginga av romanane er planlagt til minste detalj. Av Balzac sine romanar er mellom andre Eugénie Grandet, Far Goriot og Tapte illusjoner omsett til norsk. Ei novellesamling, Balzac forteller, kom i norsk omsetjing i 1985.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]