Prosa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Prosa, av latin prosa (oratio) 'endefram (tale)', er ei nemning for skrift eller tale som ikkje er bunden av metriske reglar, i motsetnad til vers, poesi.

Prosaen kan vere enkel, nøytral sakprosa eller sakprosa, eller ha form som høgprosa, typisk for skjønnlitteratur t  t.d. som romanar, noveller, essey eller biografiar. Om prosaen tek opp i seg verkemiddel frå det poetiske språket, vert grensene mot poesien uklar.

Prosadikt er dikt av forteljande karakter.

Jamfør prosaisk, eit adjektiv som brukast for å karakterisere noko som er lite spennande, kvardagsleg eller keisamt.