Hook Head

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hook Head
Hook Head
Plassering

Hook Head
52°7′26″ N 6°55′45″ W

Hook Head er eit nes i County Wexford i Republikken Irland på austsida av elvemunningen til dei tre elvane Nore, Suir og Barrow). Neset er ein del av Hookhalvøya.

Fyret på Hook Head

Neset ligg langs hovudvegen R734, 50 km frå Wexford. Området er kjent for å ha det eldste fyret i verda som framleis er i drift, bygt på 1200-talet. Fyret er i dag heilautomatisk og ope for ålmenta. Berget på sjølve neset er interessant i seg sjølv sidan det inneheld mange synlege fossil.

Hook Head skal ha vorte ein del av eit vanleg engelsk uttrykk, «By Hook or by Crook» ('med ærlege eller uærlege midlar'). Det vert hevda at dette uttrykket kjem frå forsøk på å ta Waterford ved Hook (austsida av hamna) eller ved Crook (ein landsby på vestsida av hamna).

I oktober 2007 vart det funne olje i Det keltiske havet like utanfor kysten frå Hook Head.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]