Horace-Bénédict de Saussure

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Horace-Bénédict de Saussure

Fødd17. februar 1740
Conches
Død22. januar 1799
Genève
NasjonalitetRépublique de Genève
Yrkefysikar, meteorolog, botanikar, fjellklatrer, universitetslærar, politikar, geolog
InstitusjonarUniversité de Genève
Alma materUniversité de Genève
BarnAlbertine Necker de Saussure, Nicolas-Théodore de Saussure, Alphonse de Saussure
MedlemRoyal Society
Société des arts de Genève
Det franske vitskapsakademiet
Accademia delle Scienze di Torino

Horace-Bénédict de Saussure (fødd 17. februar 1740 i Genève, død 22. januar 1799 i Geneve) var ein sveitsisk naturforskar og far til Nicolas-Théodore de Saussure.

Saussure var 1762-1786 professor i fysikk og filosofi i Genève. Han gjorde studiet av Alpane og Jurafjella, og studerte dei geologiske, meteorologiske, fysiske og plantegeografiske tilhøva der. Han studerte òg termikk, og korleis lekamar utvidar seg når dei vert varma opp. I 1783 fann han opp hårhygrometeret. Resultatet av forskinga si skreiv han ned i Voyages dans les Alpes (fire volum, 1779-1796).

Saussure slutta seg ikkje til nokre av dei stridande geologiske skulane, heller ikkje sette han opp noko nytt geologisk system, som ofte var vanleg der.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]