Horgefjorden i Austevoll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Horgefjorden er ein liten fjord i Austevoll kommune. Han strekkjer seg om lag 4,5 km austover mellom øyane Horgo, som fjorden er kalla opp etter, i sør, Stora Kalsøy i nord og Hundvåko i aust.

Fjorden har innløp mellom Stangesneset på Stora Kalsøy i nord og holmen Sverslingen i sør. Kalsviki er ei vik i fjorden på nordsida på Stora Kalsøy, rett sør for grenda Bakkasund. Mellom Stora Kalsøy og Hundvåko ligg sundet Navøyosen, som vert kryssa av ei 370 meter lang bru. Nord for Navøyosen ligg Korsfjorden.

Marstein fyr ligg nordvest for innløpet til Horgefjorden.