Horizon Forbidden West
Hopp til navigering
Hopp til søk
Horizon Forbidden West | |
![]() | |
Utviklar(ar) | Guerrilla Games |
---|---|
Utgjevar(ar) | Sony Interactive Entertainment |
Kreativt ansvarleg(e) | Mathijs de Jonge |
Komponist(ar) | Joris De Man, Niels van der Leest, Oleksa Lozowchuk |
Plattform(er) | PlayStation 5, PlayStation 4 |
Sjanger | action-rollespel, sci-fi-spill |
Spelemodus | einspelar |
Horizon Forbidden West er eit action-rollespel utvikla av Guerrilla Games og utgjeve av Sony Interactive Entertainment til PlayStation 4 og PlayStation 5. Det er ein oppfølgjar til Horizon Zero Dawn frå 2017 og er eit einspelar-spel i ei open verd, sett til ein post-apokalyptisk versjon av det vestlege USA. Spelaren må reisa gjennom verda og fullføra oppdrag ved å nytta overlevingstaktikkar, nærkamp og langdistansevåpen i ei verd invadert av ein dødeleg farsott, fiendtlege maskinvesen og andre overlevande.
Horizon Forbidden West vart utgjeve den 18. februar 2022 og fekk generelt positiv mottaking.