Hornpipe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Britiske marinegastar dansar hornpipe i 1928.

Hornpipe er namnet på fleire dansar frå Storbritannia og Irland som blei dansa der og andre stader frå 1500-talet av. Dansen har sterk tilknyting til sjøfolk, sjølv om det er uklart kva tid dette sambandet oppstod. Dansen har namn etter instrumentet hornpipe, eit blåseinstrument laga av tre og horn. Hornpipe kan også visa til eit musikkstykke ein kan dansa hornpipe til,

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den eldste omtalen av hornpipe-dansar er frå England, med Hugh Aston sin «Hornepype» frå 1522 og andre referansar til Lancashire hornpipes frå 1609 og 1613.[1] Det er lagt fram forslag om at dansen oppstod på engelske seglskip på 1500-talet,[2] men dansen har ikkje nødvendigvis alltid hatt marin tilknyting. Opphavleg blei han vanlegvis dansa solo, akkompagnert av instrumentet hornpipe.[3] Han hadde likskapar med dansen jig.[4]

Hornpipe blei brukt som musikkform i dansesuitar og i teatermusikk frå 1500-talet. Komponistar som Anthony Holborne, William Byrd, Henry Purcell, Arne og Handel (i Water Music) skreiv hornpipe-stykke.[4]

Dansen er først dokumentert med tilknyting til sjøfolk etter 1740, då dansaren Yates framførte «a hornpipe in the character of a Jack Tar» ved Drury Lane Theatre i London. Deretter kjem ein omtale frå Covent Garden i 1741 om «a hornpipe by a gentleman in the character of a sailor.»[1] Rundt denne tida endra taktarten i musikken seg frå tretakt til totakt (2/4 eller 4/4).[5]

«The Sailor's Hornpipe» er blitt ein kjend melodi som er brukt i mange høve, med og utan dans til. Rørslene i sailors' hornpipe ville vera kjende for samtidige sjøfolk: «looking out to sea» eller speidande ut mot havet med høgre og så venstre hand mot panna, bøying av kroppen som om ein var i uvêr, og rytmisk trekking i buksene framme og bak.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Hornpipe Conference - 1993». chrisbrady.itgo.com. Henta 19. august 2017. 
  2. Tolman, Beth & Page, Ralph (1937) The Country Dance Book. Countryman Press; page 119
  3. Dear; Peter Kemp, red. (2007). «hornpipe». The Oxford Companion to Ships and the Sea. Oxford University Press. 
  4. 4,0 4,1 Montagu, Jeremy; Wendy Thompson; Jane Bellingham (2011). «hornpipe». The Oxford Companion to Music. Oxford University Press. 
  5. Craine, Debra; Judith Mackrell. (2010). «hornpipe». The Oxford Dictionary of Dance. Oxford University Press.