Tretakt
Utsjånad
Tretakt er ein taktart med tre taktdelar. Trefiredelstakt eller trefjerdedelstakt er ein vanleg variant av denne der det første taktslaget er tungt og dei to neste lette.[1]
Tretakt er også kjend som tretakt, polsketakt eller valsetakt. Nokre musikktypar i tretakt er vals, polska, menuett, hambo og masurka.
Talet tre i tretakt er blitt rekna som ein guddommeleg taktart innan kristen symbolikk, ettersom han kunne visa til treeininga. Mange eldre kristne musikkverk er derfor skrivne i tretakt.
Notane under viser eit enkelt og eit samansett rytmemønster i tretakt.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tretakt» frå Wikipedia på svensk, den 12. februar 2021.
![\new Staff <<
\new voice \relative c' {
\clef percussion
\numericTimeSignature
\time 3/4
\set Score.tempoHideNote = ##t \tempo 4 = 100
\stemDown \repeat volta 2 { g4 d' d }
}
\new voice \relative c'' {
\override NoteHead.style = #'cross
\stemUp \repeat volta 2 { a8[ a] a[ a] a[ a] }
}
>>](http://upload.wikimedia.org/score/s/9/s9u58cmgcnmemyzqn2af8injpsd1khj/s9u58cmg.png)
