How to Train Your Dragon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
How to Train Your Dragon
Norsk tittel: Dragetreneren
How to Train Your Dragon logo.svg
OpphavslandUSA
RegissørChris Sanders
Dean DeBlois
ProdusentBonnie Arnold
ManusWill Davies
Dean DeBlois
Chris Sanders
MusikkJohn Powell
FilmselskapDreamworks Animation
Utgjevingsår2010
Lengd98 min.
Budsjett165 millionar USD
OppfølgjarHow to Train Your Dragon 2

How to Train Your Dragon (norsk: Dragetreneren) er ein amerikansk dataanimert action-fantasifilm frå 2010, produsert av DreamWorks Animation og distribuert av Paramount Pictures. Han er laust basert på bokserien under same namn av den engelske forfattaren Cressida Cowell, og er regissert av Chris Sanders og Dean DeBlois, duoen som skreiv og regisserte Walt Disney-filmen Lilo & Stitch. Filmen har stemmeskodespelarar som Jay Baruchel, Gerard Butler, Craig Ferguson, America Ferrera, Jonah Hill, T.J. Miller, Kristen Wiig, og Christopher Mintz-Plasse.

Handlinga går føre seg i ei mytisk vikingverd der ein ung tenåring kalla Hiccup strever etter å leve opp til sedvanen i stammen sin om å verte ein drakedrepar. Etter å endeleg ha fanga sin første drake, og dermed fått sjansen til å ta livet av ein for å verte akseptert av stammen, finn han ut at han ikkje lenger vil drepe dyret og vert i staden ven det.[1]

Filmen vart utgjeven 26. mars 2010 og var ein kritisk og kommersiell suksess, der han fekk vellæte frå filmkritikar og publikum, og tente inn nærare 500 millionar dollar globalt. Når det gjeld den norskspråklege utgåva av filmen, har det vore reaksjonar på at dei eldre og trauste vikingane taler dialektar frå Hordaland og Sogn og Fjordane, medan dei yngre og sympatiske karakterane snakkar urbant austnorsk.[2][3] Ein oppfølgjar, How to Train Your Dragon 2, hadde premiere 13. juni 2014 og fekk i likskap med forgjengaren god kritikk og var ein kommersiell suksess. Den siste filmen i serien, How to Train Your Dragon 3, hadde norsk premiere 11. januar 2019.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: How to Train Your Dragon