Hubro forskingstidsskrift

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hubro er eit magasin (eit tidsskrift i papirutgåve) for forsking og utdanning som Universitetet i Bergen gjev ut. Magasinet er meint for lesarar utanom universitetet, og inneheld stoff om forskinga og om hendingar ved universitetet. Magasinet er særleg meint å nå ut til privatpersonar, lærarar, pressa, politikarar og næringslivet. Målet er å syne den prosessen forskinga ved universitetet er, og late forskarar kome til orde i drøftingar om ulike tema.

Magasinet har kome ut med eitt nummer om våren og eitt om hausten. Men frå og med 2015, kjem det berre ut ei papirutgåve i året. Vårutgåva hadde eit opplag på 20.000 ekemplar og haustutgåva eit opplag på 11.000 eksemplar. I tillegg kjem det ein årleg engelskspråkleg utgåve med namnet Hubro International.

Magasinet har fått namnet Hubro av di ei ugle, ein hubro, er avbilda i logoen og seglet for Universitetet i Bergen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]