Hubro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hubro
Hubro
Hubro
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: EN Sterkt trugaUtbreiinga av hubro
Utbreiinga av hubro
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Ugler Strigiformes
Familie: Uglefamilien Strigidae
Slekt: Hubroar Bubo
Art: Hubro B. bubo
Vitskapleg namn
Bubo bubo

Hubro (Bubo bubo) er ein fugleart i den biologiske slekta hubroar i uglefamilien som utbreidd over store delar av Eurasia. I Noreg er han først og fremst utbreidd langs kysten nord til Nordland fylke. Hubro er ein av verdas største ugleartar og kan vege over 4 kilogram.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Hubro er saman med nordfiskeugle (Bubo blakistoni) referert til som den største uglearten i verda, hoene kan vekse til ei total kroppslengde på 71 cm, med eit vengespenn opptil 188 cm, og vekt på opptil 4,2 kg. Hannane er litt mindre.[1] Denne fuglen har karakteristiske øyretufsar, oversida er flekka med mørke, nær svart og gulbrune farger. Vengene og halen er tverrvatra. Undersida er gulbrun med varierande fargetonar, stripa med mørkare farge. Ansiktsskiva er lite synleg og dei oransje auga er særeigne.

Hubro i fangenskap i Polen

Hubro finst i mange typar habitat, men er for det meste funne i fjellområde eller andre karrige område, ofte nær varierte skogkantar og buskområde med opningar eller våtmarker for å jakte mesteparten av bytet sitt. I tillegg lever dei i barskogar, på stepper og andre område i ulike høgder som vanlegvis ligg relativt langt frå folkesette område. Hubro finst av og til på jordbruksland og i parkliknande omgjevnader i europeiske byar, til og med, men sjeldan i travlare urbane område.

Hubro med bytte
Foto: Martin Mecnarowski

Denne arten er ein stort sett nattaktiv og skumringsaktiv rovfugl som jaktar på ei rekke ulike artar byttedyr. I nordlegaste delar av utbreiingsområdet jaktar han òg i dagslys sommarstid. Dietten til hubroane består hovudsakleg av små pattedyr som gnagarar og kaninar, men dei lever òg på større pattedyr og fuglar av varierande storleik. Andre sekundære byttedyr kan omfatte krypdyr, amfibium, fisk, biller og andre assorterte virvellause dyr.[1]

Hekketida er mellom februar (Skandinavia) og desember (Frankrike), avhengig av kvar i utbreiings-området fuglen lever. Arten hekkar vanlegvis under berghamrar, på fjellhyller, i bratte, eroderte skrentar, i steinrøyser eller på andre skjulte stader. Reiret er ei skrape på bakken. Kullet er mest vanleg 2-4 egg,[1] som blir klekte til ulike tider. Egga vert klekte etter 34-36 dagar med ruging. Det er hoa som rugar på egga og varmar ungane i ca. 15 dagar, hannen gjev mat til henne. Etter klekking matar han òg ungane. Ungane vert verande opptil 5 veker i reiret og kan flyge ca. 7 veker gamle. Begge vaksne tar vidare omsut for ungane i omtrent fem månader.[1][2]

I tillegg til å vere ein av dei største nolevande ugleartane, er hubroen òg ein av dei med vidaste leveområde. Med ei total utbreiing i Europa og Asia på rundt 51 millionar km2 og ein total populasjon anslått til å vere mellom 100 000 og 0,5 millionar, listar IUCN hubroen sin vernestatus som livskraftig (LC). Det store fleirtalet av hubroar lever over det kontinentale Europa, Skandinavia, Russland, og Sentral-Asia. Ytterlegare mindre populasjonar finst i Anatolia, det nordlege Midtausten, nordlege Sør-Asia og i det meste av Kina.[3] I Storbritannia blir anslagsvis 12 til 40 par trudd å vere etablert frå og med 2016.

Hubro i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg hekkar hubroen primært langs kysten til Nordland. Spreidde par har vorte observert i Troms og Finnmark. Tidlegare var han helst å finne i skogsområde i indre austlandsområde, men her har bestanden gått merkbart attende. Hovudgrunnen til tilbakegangen er strukturendring i jordbruket, og at fuglane kolliderer med elektriske leidningar. Hubroen har òg vorte forfølgt av menneske, òg etter at arten vart totalfreda i 1971. I Noreg inngår mellom anna alkefuglar, orrfugl og storfugl i dietten.[4]

Hubroen er for det meste ein standfugl. Særleg er det lite vandring mellom fuglar langs kysten. Av fuglar ringmerkte i Noreg er det få som trekkjer utanlands. Nokre er funne att i Sverige, men då i nærleiken av norskegrensa. Den eldste ringmerkte fuglen registrert i Noreg etter å ha vorte funne att er 19 år 6 månader.[5] Eit individ i fangenskap blei over 68 år.[4]

Prosjekt hubro

I 1975 starta WWF, Verdas Naturfond, «Prosjekt Hubro» for å auke talet på hubroar på Austlandet. Hoer økslar seg i fangenskap, og så sette ein ut ungfugl i aktuelle område. Fram til 1980 vart over 600 ungfuglar sette ut. Ein feste radiosendar på nokre av fuglane for å følgje med på eventuelle vandringar. Det synte seg at 55 % av dei utsette fuglane miste livet ved kollisjon med kraftleidningar.[2]

Sidan år 2010 har hubro vore ført opp i kategorien sterkt truga (EN) på norsk raudliste for artar.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Holt, D. W., R. Berkley, C. Deppe, P. L. Enríquez, J. L. Petersen, J. L. Rangel Salazar, K. P. Segars, K. L. Wood, og J. S. Marks (2020). Eurasian Eagle-Owl (Bubo bubo), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, reds.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.eueowl1.01
  2. 2,0 2,1 Artsdatabanken Faktaark Hubro Bubo bubo
  3. BirdLife International (2021) Species factsheet: Bubo bubo Henta 27. november 2021
  4. 4,0 4,1 «hubro» i Store norske leksikon, snl.no.
  5. Bakken, V., Runde, O. & Tjørve, E. (red.) 2003. Norsk Ringmerkingsatlas. Vol. 2. side 51, Stavanger Museum, Stavanger. ISBN 82-90054-65-3
  6. Stokke BG, Dale S, Lislevand T, Jacobsen K-O, Strøm H og Solvang R (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av hubro Bubo bubo for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 25. november 2021

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Hubro