Hucknall
| Hucknall | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Nottinghamshire | ||
| Distrikt | Ashfield | ||
| Areal | 7,913 km² | ||
| Folketal | 35 849 (21. mars 2021) | ||
| Postnummer | NG15 | ||
| Retningsnummer | 0 115 | ||
![]() Hucknall 53°02′02″N 1°12′05″W / 53.0339°N 1.2013°W | |||
| Wikimedia Commons: Hucknall | |||
Hucknall, tidlegare kjend som Hucknall Torkard, er ein by ved Nottingham i grevskapet Nottinghamshire i England. Han har kring 35 000 innbyggjarar. Byen var eit historisk eit senter for strikking, og sidan for gruvedrift, men har i dag fokus på andre industriar og som bustad for folk som arbeider i Nottingham.
Byen ligg 7 mile (11 km) nord for Nottingham, 7 mile (11 km) søraust for Kirkby-in-Ashfield, 9 mile (14 km) frå Mansfield og 10 mile (16 km) sør for Sutton-in-Ashfield.
Hucknall ligg på vestbreidda av elva Leen, på land som stig opp frå elvedalen til Trent i sør og går nordover mot Kirkby-in-Ashfield. Whyburn Brook renn gjennom sentrum av byen. Farleys Brook markerer sørgrensa hans. Den tette busetnaden og industriområde langs sørsida av byen gjer at Hucknall går over til det større byområdet til Nottingham, med forstadane Bulwell og Bestwood Village i sør og søraust.
Foto: Neil Clifton
|
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hucknall» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juli 2011.

